Betalingsproblem

Slit du med å få endane til å møtast? Sjekk kor du kan finne hjelp.

Ta kontakt med dei du skuldar pengar så snart som mogeleg

Når du tek kontakt med dei du skuldar pengar, viser du at du er oppteken av å ta hand om og løyse situasjonen din. Finansieringsselskap og bankar kan ofte hjelpe deg med til dømes å gi deg avdragsfridom på lånet eller forlengje løpetida på lånet. Andre leverandørar kan ofte òg gje deg betalingsutsetjing og ein nedbetalingsplan om du er tidleg ute.

Ignorerer du rekningane, kjem purregebyr også til, og morarenter, inkasso- og innkrevjingsgebyr. Kredittgjevar, som har gitt deg lån med sikkerheit, vil ved misleghald over tid kunne krevje sikkerheiten utløyst for å dekkje uteståande gjeld. Tvangssal av t.d. den pantsette bilen vil koste deg dyrt.

Stram inn forbruket

Ver nøktern når du vurderer kva du ikkje kan klare deg utan, og prioriter dei heilt nødvendige tinga. Du kan vurdere forbruksutgiftene dine opp mot liknande hushald i referansebudsjettet til SIFO for forbruksutgifter.

Ta kontakt med NAV

NAV Gjeldsrådgivning gir råd til alle som har, eller står i fare for å få, økonomiske problem. Telefontenesta skal vere hjelp til sjølvhjelp. Ring 55 55 33 39, tasteval 1.

Du kan vere anonym som innringar, dersom du ønskjer det. Tenesta er gratis frå fasttelefon. Bruker du mobiltelefon eller kontantkort, vil rådgivarane tilby å ringje tilbake til deg

Les meir om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving på NAVs nettsider.

Offentleg gjeldsordning

Er du alvorleg ramma av gjeldsproblem, kan du få gjeldsordning frå det offentlege, same kva gjeldsproblema skuldast. Gjeldsordningslova gir deg som har alvorlege gjeldsproblem, hjelp til å få kontroll over din eigen økonomi igjen.

Gjeldsordning er inga lettvint løysing, men eit siste høve til å få orden og kontroll over eigen økonomi når gjeldsproblema har blitt uoverkomelege, og du ikkje lukkast i å løyse betalingsproblema på eiga hand.

Les meir om gjeldsordningslova i Barne- og familiedepartementet sin rettleiar.