Svindel

Tips og råd om ukjente rekningar, kataloghaiar og premiar som er for gode til å vere sanne.

Du har ekstra tryggleik når du handlar med kort

Har du blitt svindla, men kjøpt vara eller tenester på kreditt, har du ekstra tryggleik gjennom finansavtalelova (paragraf 2-7). Særleg verdifull er lovas forskrift om at kredittgjevar (i hovudsak banken) har same ansvar som seljar. 

Dette gjev ekstra tryggleik blant anna dersom:

  • Du ikkje får varene du har bestilt
  • Tenesta du har bestilt ikkje blir levert
  • Eit arragement blir avlyst
  • Ein reise blir kansellert
  • Seljaren ikkje respekterer angreretten din
  • Seljaren går konkurs
  • Du blir svindla

Ved kjøp med debitkort

Visa og Mastercard praktiserer òg dei same rettane ved bruk av debetkort. Du kan dermed klage til banken din på vara og tenester som er kjøpt med vanlig debetkort også.

Sjå meir informasjon på sidan vår om kortreklamasjon.

Kva gjer du dersom du får ei rekning for noko du ikkje har bestilt?

Du er ikkje pliktig til å betale for varer du ikkje har bestilt. Skulle du likevel møte eit krav frå ein seljar, bør du melde at du ikkje kjem til å betale.

Skriv i brevet at det ikkje ligg føre nokon avtale om kjøp. Det er seljar som eventuelt må dokumentere at ein slik avtale finst. Dette kan vere vanskeleg dersom avtalen er inngått per telefon. Til dømes kan seljar ha sendt ein ferdig utfylt avtale der det står at du må ta kontakt innan to veker, dersom du ikkje vil vere bunden av avtalen.

Den oppgjevne kontaktinformasjonen er ofte eit telefonnummer eller ein e-post som ikkje er i bruk, og du har dermed ikkje moglegheit til å seie frå deg avtalen. Dette er ingen lovleg måte for seljaren å inngå ein avtale på, og du er sjølvsagd ikkje bunden av ein slik avtale.

Dersom seljar sender saka til inkasso, bør du ta kontakt med inkassobyrået og gjere dei merksame på at kravet er omstridd. Då har inkassoselskapet ikkje lov til å drive inn kravet.

Korleis kjem du deg ut av ein «avtale» med eit katalogfirma?

Katalogsvindlarar, såkalla kataloghaiar, vender seg fyrst og fremst mot næringslivet. Du får gjerne ei sending, der det ser ut som om du skal stadfeste den nye (firmaadressa) di. Ved at du stadfestar adressa aktiverer du eit «abonnement» på annonsering av firmaet ditt eller foreininga di til ein svært høg pris.

Men me tilrår at du kontaktar firmaet skriftleg (per e-post eller brev) dersom du får fakturaer for oppføringar i katalogar som du ikkje har bede om. Gje melding om at du ikkje har akseptert å betale for den aktuelle oppføringa, og at du reknar betalingskravet for ugrunna. Ikkje betal fakturaen.

Dersom du blir kontakta av eit inkassoselskap i samband med krav frå firmaet, kontakt inkassoselskapet og informer om at kravet er omstridd. Då har ikkje inkassoselskapet lov til å drive inn kravet.

Forbrukertilsynet behandlar ikkje tvistar mellom næringsdrivande og kan ikkje behandle desse typane klagar. Sjå meir informasjon på varslingslisten.no.

Kva gjer eg dersom eg vinn i ein ukjent konkurranse?

I mange tilfelle av lotterisvindel får du melding om at du har vunne ein stor premie, men at du må betale inn ein sum pengar for å få den utbetalt.

Økokrim åtvarar mot både brev og e-post med denne typen innhald, og rår deg til ikkje å svare.

Nokre selskap følgjer opp brevet eller e-posten med å ringje deg på telefon. Høyrest dette for godt ut til å vere sant, er det gjerne akkurat det. Ikkje gje ut personleg informasjon, og ikkje svar på førespurnaden.

Skulle inkassoselskapet trass i dette ikkje stoppe saka, kan du klage selskapet inn for Finansklagenemnda.