Advokattenester

Tips om kva du bør tenkje på før du går til advokat, og korleis du går fram for å klage viss du ikkje er nøgd.

Sjekk om det finst billegare løysingar enn å gå til advokat

Ei rekke forsikringar inkluderer rådgiving frå ein jurist. Du bør difor sjå gjennom papira dine, og sjå om det gjeld saka du treng bistand i. Du kan òg undersøkje om du kan få fri rettshjelp frå staten. I tillegg er det gratis juridisk hjelp i desse byane:

Oslo:  Jussbuss  og JURK
Bergen: Jussformidlinga
Trondheim: Jusshjelpa
Tromsø: Jusshjelpa

Du kan hyre inn ein rettshjelpar til å hjelpe deg. Ein rettshjelpar er rimelegare, men må innhenta godkjenning for å bistå deg i retten, og kan ikkje vere med til høgare instansar enn tingretten. Det finst elles ulike instansar som behandlar saker gratis. Gjeld det til dømes ei forbrukarsak, kan Forbrukarrådet eller ei klagenemnd hjelpa deg.

Sjekk at du får riktig advokat

Advokatar spesialiserer seg på juridiske område, så finn fram til ein som jobbar med juss som er relevant for di sak etter som det gjeld arv, erstatning, testamente eller heilt andre ting. Gjer eit nettsøk på minst tre advokatar. Sjå til at dei er medlemer av Advokatforeininga; då står MNA bak namnet. Beskriv tydeleg kva du treng hjelp til og be om tilbod. Sørg for å få timeprisen, og ein vurdering av kor mange timar som trengst. Du kan òg setje ein makspris.

Avklar samarbeidet med advokaten

Når du har gitt oppdraget til ein advokat, kostar det pengar kvar gong de er i kontakt. Avklar difor når du skal gi lyd frå deg, og når du kan forvente svar. Dersom du betaler undervegs, må du forsikre deg om at du betaler inn til ein klientkonto, og ikkje direkte til advokaten. Har du krav på rettshjelp gjennom forsikring, er advokaten forplikta til å søkje om dekning av utgiftene for deg. Han skal vareta interessene dine, så du bør vere lydhøyr dersom advokaten gir råd om eksempelvis å inngå forlik, eller å prøve rettsmekling.

Slik klagar du

1. Klag til advokaten

Dersom advokaten ikkje held avtalen de har gjort, og de til dømes er usamde om prisen, bør du klage skriftleg, og gjere det med éin gong. Du kan bruke Forbrukarrådets klagebrev nedanfor.

OBS! Ein advokat kan ikkje garantere ei god løysing for deg. Du kan difor ikkje klage på utfallet av saka, men du kan til dømes klage på at advokaten har opptredd i strid med «Reglar for god advokatskikk» eller at salæret er for høgt.

2. Klag til Advokatforeiningas disiplinærnemnd

Blir du ikkje samd med advokaten, kan du klage til Advokatforeiningas disiplinærnemnd.

3. Ta saka til Forbrukertilsynet

Forbrukertilsynet kan òg mekle i saka om du ikkje vel å bringa saka inn for Advokatforeiningas disiplinærutval eller Disiplinærnemnda, eller dei ikkje kan behandle saka.