Klede og sko

Dersom skorne dine går sund, eller kleda dine blir unormalt fort slitne, kan du klage i inntil to år.

Kor lenge etter kjøpet kan du klage?

Klagefristen er to eller fem år

Du kan klage i to eller fem år dersom du har kjøpt noko av ein profesjonell seljar (forbrukarkjøpslova). Kor lenge du kan klage, avheng av kor lenge tingen er meint å vare ved vanleg bruk. 

Du har to års klagefrist når du kjøper noko frå ein privatperson (kjøpslova).

Eksempler på klær og sko med fem års klagefrist

Turtøy, regntøy, bunad, dress, fjellstøvler, vintersko og vinterjakker er eksempler på klær med fem års reklamasjonsfrist.

Kva skal til for at du har grunn til å klage på produktet?

Seljar sitt ansvar

Dersom årsaka til feilen er ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, skal seljaren ordne opp.

Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering, i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon.

Ditt ansvar

Dersom du kjende til feilen, eller den skuldast noko du har gjort eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan nytte.

Døme på når det kan vere grunnlag for å klage

Slitte sko

Dersom skorne dine blir slitne unormalt kort tid etter at dei er kjøpte, og det ikkje skuldast unormal bruk frå di side, kan du krevje å få eit par nye sko eller pengane tilbake.

Hælen på skoen losnar

Dersom hælen losnar eller knekkjer, har du rett til å få reparert skorne. Dersom skoen ikkje kan reparerast, eller butikken ikkje kan levere tilsvarande vare, har du rett til å få pengane tilbake.

OBS! Dersom hælen er knekt fordi den har sete fast mellom for eksempel brustein, eller selskapssko ber preg av å vere brukt som kvardagssko, så er det mindre sjanse for at du når fram med ei klage.

Jakka går opp i saumen

Dersom ei jakke går opp i saumen ved vanleg bruk, kan du forlange å få ho reparert. Dersom jakka ikkje kan reparerast, eller butikken ikkje kan levere tilsvarande vare, har du rett til å få pengane tilbake.

Angrerett på varer kjøpt på nett og utanfor butikk

Berre angrerett på varer kjøpt på nett og utanfor butikk

Du har berre angrerett når du handlar utanfor fast utsalsstad, slik som internett og ved dørsal. Når du handlar i ordinære butikkar, er du prisgitt butikken sine eigne bytereglar.

NB! Dei fleste butikkar lèt deg få byte det du har kjøpt så sant det er ubrukt og uskadd. Dette er ingen lovbestemt rett, men god service frå butikken.

Korleis går du fram for å klage?

1. Klag til seljar

Dersom du er misnøgd med kjøpet og ønskjer å klage, må du fyrst klage til seljar. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev

2. Ta saka til mekling

Dersom seljaren avviser klaga di, og du er usamd i avvisinga, eller du ikkje får svar innan svarfristen du har sett, kan du ta saka inn for Forbrukertilsynet.