Forside > Klagebrev > Bilen har hefte brev til panthavaren

KLAGEBREV TIL SELGER

Bilen har hefte brev til panthavaren

Bilen har hefte - brev til panthavaren

Du må selv skrive ut brevet, signere det og sende det til motparten. Husk å ta vare på en kopi av brevet.

Panten dykkar i bil med registreringsnummer

Eg viser til kravet dykkar datert
, i samband med at den førre eigaren ikkje har innfridd pliktene sine overfor dykk. Sidan de har pant i bilen, er eg klar over at de er i dykkar fulle rett til å ta utlegg i han. Då eg kjøpte denne bilen, var eg ikkje klar over at det var hefte på han. Sidan eg har hamna uskyldig opp i denne saka, vil eg be om at de gir meg tid til å prøve å få ordna opp i forholdet. Eg har teke kontakt med
, og kravd at det blir ordna opp. Kopi av brevet er vedlagd. Dersom det ikkje skjer, kjem eg til å sende saka til Forbrukarrådet for eventuelt å få eit vedtak for kravet mitt i Forbrukartvistutvalet. Eg håper at det ikkje er i dykkar interesse at eg, som ein uskyldig part, blir skadelidande. Eg ber derfor om at saka blir utsett til ho er ordna opp i og eventuelt er ferdigbehandla hos Forbrukarrådet. Eg ber om ei skriftleg tilbakemelding på denne førespurnaden.

Brevet kan lastes ned i pdf-format. For å lese dette trenger du en pdf-leser (f.eks. Acrobat Reader som kan lastes ned gratis fra Adobe). Opplysninger du skriver i dette skjemaet sendes kryptert til Forbrukerrådet og blir ikke lagret, logget eller videreformidlet.