Forside > Varer og tjenester > Venleiksbehandling

Venleiksbehandling


Det er alltid lurt å sjekke andres erfaringar og sjå
gjennom vilkåra før ein vel behandling.

Kva er venleiksbehandling?

Spørsmål
Nei

Det finst ei rekkje kosmetiske behandlingar. Ikkje-kirurgiske behandlingar kallast ofte berre venleiksbehandlingar. Slike behandlingar blir gjennomførte ved private behandlingsstader, og blir ikkje tilbodne av det offentlege helsevesenet. Døme er hårfjerning med voks, microblading, augevippeextensions, fillere, fettfrysing og ulike typar hudbehandlingar

Les deg opp før du vel behandling

Svar
Nei

Les deg opp om behandlinga. Det er mykje informasjon som ein bør setje seg inn i. 

  • Korleis blir behandlinga utført?
  • Kva slags kompetanse bør behandlaren ha?
  • Er det nokon plager som kan oppstå i etterkant av ei behandling?
  • Sjekk referansar, til dømes blant vener og på nettet.

Vurder om du er villig til å ta den risikoen som ei behandling kan ha. Sjølv om resultatet ikkje vart som førespegla, gir det ikkje nødvendigvis klagerett

Bli kjend med behandlingsstaden

Svar
Nei

Be om informasjon før du takkar ja til behandlinga. Informasjonen bør innehalde følgjande:

  • Kva slags kompetanse har behandlaren?
  • Tilbyr salongen gratis konsultasjon?
  • Be om ei forklaring på det som skjer og kva resultatet vil bli.
  • Er det nokon biverknader eller skadar som kan oppstå?
  • Kva skal du gjere og kven skal du kontakte om du får plager etter ei behandling?
  • Er behandlaren med i ein bransjeorganisasjon?
  • Har salongen forsikring?

Eksperttips:

Vi tilrår at du er bevisst på hygienen når du kjem salongen. Viss du synest det er skite eller at viktige fasilitetar manglar, bør du vurdere å velje ein annan stad å gjere behandlinga. Gi tydeleg beskjed om det umiddelbart.

Behandling i utlandet

Svar
Nei

Det er ofte rimelegare å gjere behandlingar i utlandet. Likevel vil du som forbrukar ofte har dårlegare rettar viss noko går gale. I tillegg må rettane handhevast i det landet behandlinga vart gjort.

Vêr òg merksam på at nokon typar behandlingar kan ha høgare risiko når dei blir utførte i utlandet enn i Noreg.

Avtal pris i forkant

Svar
Nei

Be om totalpris på behandlinga før du takkar ja til behandlinga. Du bør òg finne ut kor mange behandlingar som trengst for å oppnå ønskt resultat, og kva som skjer viss du må avbestille ei behandling.  

Før du bestiller bør det komme klart fram kva som skjer om ein er misnøgd. Dersom behandlaren fråskriv seg alt ansvar, tilrår vi at du vel at du går ein annan stad.

Viss du likevel ikkje ønskjer å gjennomføre behandlinga, kan du i mange tilfelle avbestille timen. I dag blir det ofte operert med 24 timars avbestilling hos mange salongar, medan nokon har kortare frist.

Slik klagar du

Svar
Nei

Klage til salongen

Viss du er misnøgd med behandlinga, bør du ta det opp med behandlaren så snart som mogleg. Dersom det ikkje løyser seg, må du sende ei skriftleg klage til salongen. Bruk gjerne Forbrukarrådets standard klagebrev.

OBS! Salongen må få moglegheit til å fikse opp dersom det er gjort nokon feil som kan rettast opp. Det kan typisk vere hårfjerning, der det står att hår etter behandlinga. Dersom det ikkje går an å rette opp feila, bør du be om heile eller delar av kjøpesummen tilbake

Klagebrev til seljar

 

Ta saka til mekling

Viss du får avslag frå behandlaren eller salongen, eller ikkje noko svar i det heile, kan du ta saka inn til Forbrukarrådet for mekling.

Ta saka til Forbrukarrådet for mekling