Forside > Klagebrev > Klage på at merverdiavgift er lagt til prisoverslaget på den mottatte regning

KLAGEBREV TIL SELGER

Klage på at merverdiavgift er lagt til prisoverslaget på den mottatte regning

Klage på at meirverdiavgift er lagd til prisoverslaget på den mottekne rekninga

Du må selv skrive ut brevet, signere det og sende det til motparten. Husk å ta vare på en kopi av brevet.

Klage på at meirverdiavgift er lagd til prisoverslaget på motteken rekning for reparasjon av køyretøy med registreringsnummer

Eg har motteke rekning for utført arbeid som ikkje er i samsvar med pristilbodet. Den avtalte prisen var kr
, mens det på rekninga er lagt til meirverdiavgift på dette beløpet.
Alle prisar som er oppgitt til forbrukar, skal vere inklusive meirverdiavgift med mindre det står i pristilbodet at meirverdiavgift kjem i tillegg. Sidan prisoverslaget ikkje seier noko om meirverdiavgift og det heller ikkje på annan måte var opplyst om at det kom i tillegg, har eg gått ut frå at prisoverslaget var inklusive meirverdiavgift, jf. handverkartenestelova § 32.


Eg har no betalt det avtalte beløpet minus den påplussa meirverdiavgifta, og restbeløpet må reknast som omstridt. Dersom de er usamde i det, ber eg om å få ei skriftleg tilbakemelding så snart som råd er, og seinast innan 14 dagar frå dags dato.


Dersom vi ikkje blir samde, vil eg vurdere å sende saka over til Forliksrådet eller Forbrukarrådet for å få henne behandla der.

Brevet kan lastes ned i pdf-format. For å lese dette trenger du en pdf-leser (f.eks. Acrobat Reader som kan lastes ned gratis fra Adobe). Opplysninger du skriver i dette skjemaet sendes kryptert til Forbrukerrådet og blir ikke lagret, logget eller videreformidlet.