Forside > Klagebrev > Klage på utført tilleggsarbeid som ikke var avtalt

KLAGEBREV TIL SELGER

Klage på utført tilleggsarbeid som ikke var avtalt

Klage på utført tilleggsarbeid som ikkje var avtalt

Du må selv skrive ut brevet, signere det og sende det til motparten. Husk å ta vare på en kopi av brevet.

Klage på utført tilleggsarbeid som ikkje var avtalt ved reparasjon av køyretøy med registreringsnummer

Eg viser til den inngåtte avtalen. Det viser seg at det er utført arbeid som ikkje er ein del av oppdraget. Eg er heller ikkje blitt informert om det før arbeidet starta, jf. handverkartenestelova § 9.
Slik eg ser det, er det snakk om arbeid som ikkje måtte setjast i gang med det same. Det hadde ikkje skjedd noka form for skade dersom de hadde venta til eg blei kontakta. Eg vil òg nemne at prisen for tilleggstenesta truleg blir høg i forhold til det avtalte oppdraget.


Derfor meiner eg at de plikta å kontakte meg før de gjekk i gang med arbeidet. Eg er altså ikkje villig til å betale for tilleggsarbeidet, men berre for det avtalte oppdraget.


Det tilbakehaldne beløpet må reknast som omstridt. Eit eventuelt forsøk på å drive pengane inn via inkasso vil difor vere rekna som eit brot på god inkassoskikk.


Dersom de er usamde i det, ber eg om å få ei skriftleg tilbakemelding så snart som råd er, og seinast innan 14 dagar frå dags dato. Blir vi ikkje samde, vil eg vurdere å sende saka over til Forliksrådet eller Forbrukarrådet for å få henne behandla der.

Brevet kan lastes ned i pdf-format. For å lese dette trenger du en pdf-leser (f.eks. Acrobat Reader som kan lastes ned gratis fra Adobe). Opplysninger du skriver i dette skjemaet sendes kryptert til Forbrukerrådet og blir ikke lagret, logget eller videreformidlet.