Kontrakt

Kontrakt for service og reparasjon på bil

Nynorsk

Forbrukarrådet tilrår at kontrakten blir fylt ut av partane i fellesskap.

NB! Husk å laste ned kontrakten til eigen pc før utfylling.

Etter utfylling skriv ut i aktuell mengd kopiar og signer begge/alle partar. Forbrukarrådet oppmodar partane til å lese gjennom heile avtalen før avtalen blir underskriven.

Kontrakt for service og reparasjon på bil

Kontrakten kan alternativt skrivast ut og fyllast ut på papir.

Verkstad

Du kan fritt velje den verkstaden du vil, forutsett at det er ein offentleg godkjent verkstad. Det er ikkje lovleg for bilprodusent eller importør å krevje at service blir utført av ein merkeverkstad for at garantien på bilen skal gjelde. Dei fleste garantiar føreset likevel at reparasjon og service er i samsvar med bilprodusenten eller importøren sine krav. Det er derfor viktig at det kan dokumenterast at krava er følgde, sjå punkt «dokumentasjon på utført arbeid» i kontrakten.