Vil du jobbe med mekling og juridisk rettleiing i Forbrukarrådet?

Publisert 28. oktober, 2019
Vi søkjer 2 til 3 juristar til kontoret vårt i Skien. Stillingane som rådgivarar er faste og utgjer 100 %. Det vil òg kunne bli ledig mellombelse stillingar.

Forbrukarrådet har ei viktig rolle i det utanrettslege tvisteløysingssystemet i Noreg.

Vi har eit stort juridisk fagmiljø i avdeling tvisteløysing med til saman cirka 50 juristar fordelte på kontora i Skien, Stavanger og Tromsø. Vi samarbeider på tvers av kontora for å sikre eit godt tilbod i heile landet. På kontoret vårt i Skien er vi i dag 22 tilsette.

Kontoret vårt er moderne og triveleg, og kontoret har ei sentral plassering i sentrum. Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med mange hyggelege kollegaer. Frå 1.1.21 blir vi ein del av det nye Forbrukartilsynet, men arbeidsstaden vil framleis vere i Grenlands-området.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet består i mekling og juridisk rettleiing innanfor eit vidt spekter av sakstypar – medrekna saker som fell inn under forbrukerkjøpsloven, kjøpsloven, håndverkertjenesteloven og angrerettloven.

Føremålet er at flest mogelege saker skal finne løysinga si hos oss. Kontakten med partane skjer på telefon, e-post og brev.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer deg som har interesse for forbrukarrett og mekling. Vi søkjer ein engasjert og positiv medarbeidar, som arbeider strukturert og har evne til både å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det er viktig at du er trygg på deg sjølv, er god på kommunikasjon og at du trivst godt med å bruke telefon som arbeidsverktøy, då mykje mekling og juridisk rettleiing skjer på telefon. Også du som er nyutdanna er velkomen til å søkje.

Vi tilbyr

Fast stilling som rådgivar med årslønn mellom kr 456 400 – 532 300 avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekt 2 % for obligatorisk medlemskap i Statens pensjonskasse. Fleksibel arbeidstid. Gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse. Det kan òg bli aktuelt med mellombels stilling ved eit evt. internt opprykk.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved førespurnad til underdirektør Anne-Karine Tverråen på telefon 926 24 516 eller seniorrådgivar Linn Hogner Jahr på telefon 957 00 127.

Søk her innan 12. november (arkivsak 19/18538)

 

Legg ved dei mest relevante vitnemåla og attestane.

Generelt

Forbrukarrådet jobbar for alle forbrukarar i Noreg, og ønskjer derfor at våre tilsette skal representere mangfaldet i befolkninga. Vi ber derfor spesielt personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne til å søkje.

Ver merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren ber om å bli anonymisert på den offentlege søkjarlista.