Når byggmeisteren går konkurs

Skal du byggje sjølv, eller har du kjøpt ein bustad under bygging? Forbrukarrådet gir råd og rettleiing om kva du har rett på, og korleis du kan sikre deg best mogeleg når byggmeisteren går konkurs.

– Konkurs betyr vanlegvis at alle pengane er tapte for forbrukaren. Når det gjeld nyoppførde bustader, er du litt sikra gjennom lova, seier forbrukarservicedirektør Ingeborg Flønes ved Forbrukarrådet.

Ikkje betal før du veit du har garanti

Bustadoppføringslova seier at entreprenøren skal stille garanti i ein bank eller finansinstitusjon for å kunne oppfylle avtalen. Det gjeld også ved eventuell konkurs. Regelen gjeld uavhengig av om entreprenøren har bygt på tomta di, eller du har kjøpt eit nøkkelferdig hus. Summen forsvinn ikkje i konkursbuet, men er trygt forvara hos ein finansinstitusjon som garanterer for pengane.

Dessverre er det ikkje alltid slik at entreprenøren har stilt garanti, sjølv om opplysningane seier noko anna:

– Ikkje betal ei krone før entreprenøren kan dokumentere at han har stilt garanti, seier Ingeborg Flønes.

Det kan du gjere med lova i hand. Den seier at du ikkje treng å betale noko så lenge entreprenøren ikkje kan dokumentere garantien.

Få ein god garanti

Lova har forskjellige minimumskrav for forskjellige typar avtalar. Garantien skal i utgangspunktet vere på ti prosent før overtaking, og så fem prosent for feil som oppstår i den fem år lange reklamasjonsperioden. Dette gjeld når entreprenøren byggjer på tomta di. Kjøper du bygg under oppføring, slik at grunnen under huset er inkludert i kjøpesummen, treng ikkje garantien vere på meir enn tre prosent av kjøpesummen for feil som oppstår før overtakinga. Etter overtaking skal den vere på fem prosent, som i tilfelle der du eig tomta sjølv.

– Fem prosent av ein kjøpesum på 3 millionar utgjer berre 150.000 kroner. Så går det galt, blir garantisummen fort for liten. Men det er ikkje noko tak på kor høg garantien skal vere, så eit godt tips er å freiste å få entreprenøren til å gi deg så god avtale som mogeleg, seier forbrukarservicedirektøren.

Problem med garantisten?

– Om du skulle få problem med banken eller finansinstitusjonen som har garantien, kan du klage til finansklagenemnda, legg Flønes til.

Tips mot byggmeisterkonkurs

Vi har laga ei lita tipsliste for nybyggkjøparar som vil sikre seg best mogeleg mot konkurs:

  • få ein så god garantiavtale som mogeleg
  • ikkje betal før entreprenøren kan dokumentere at garanti er stilt
  • nøkkelferdig hus: sjekk kva avtalen/kjøpekontrakten seier om garanti
  • få med deg namnet på den som stiller garantien
  • klag til finansklagenemnda om garantisten nektar å stille opp.

– Vi håper du aldri får oppleve at entreprenøren går konkurs, og følgjer du råda våre, så kjem du best mogeleg ut av det, seier forbrukarservicedirektør Ingeborg Flønes ved Forbrukarrådet.