Forside > Siste Nytt > Bil som fortent?

Bil som fortent?

7. mars, 2013
Bilkjøp var den vanlegaste henvendinga til Forbrukarrådet i fjor. I mange av bruktbilsakene ser vi at kjøpar si forventing til bilen, ikkje står i høve til det han har betalt for den.

– Ei typisk historie er at du har forelska deg i ein bil med patina og sjarm. Det beste med den er at den berre kosta nokre få tusenlappar. Dessverre er lukka kortvarig. Nokre månader etter kjøpet kneler bilen på flat mark, og du fortviler. Bilen er «seld som han er», og du kjem ingen veg med klaga di. Feilen er nemleg ikkje anna enn det du bør kunne rekne med når bilen er så gammal og så billeg, fortel direktør for forbrukarservice Ingeborg Flønes ved Forbrukarrådet.

Hadde folk vore litt meir på vakt, ville dei ha blitt spart for vonbrottet. Med enkle grep og sunn fornuft kan du gjere eit betre kjøp.

Be om tilstandsrapport

Du kan sjølv sjekke bremsane og kor mang kilometer bilen har gått, men kva med det du ikkje kan sjå?

– Forbrukarrådet meiner at seljar bør tilby ein tilstandsrapport for bilen. Får du ikkje det, bør du takke nei, særleg dersom det er snakk om ein dyr bil, seier Ingeborg Flønes.

Det vanlege er likevel at du må undersøkje sjølv. Mange har ein bilkyndig kompis, men du treng ei smørjegrav for å sjå under bilen. Å få sjekka bilen av ein profesjonell verkstad, kan koste 2000 kroner: Det er vel verd investeringa, dersom du bruker ein sømeleg sum til å kjøpe ein bruktbil som du vil skal vare lenge.

Du kan bruke tilstandsrapporten  vår. Den ligg gratis på forbrukarrådet.no. Verkstaden kan bruke rapporten vår som utgangspunkt for undersøkinga, dersom dei ikkje tilbyr eigen mal.

– Og hugs at EU-godkjenning ikkje betyr at bilen er i god stand, men at den har lov til å køyre på norske vegar til neste gong den må på kontroll, legg hun til.

Bruk kontrakt

– Dessverre er det framleis for få som bruker kontrakten vår når dei kjøper eller sel ein bil, seier direktøren.

Hugs at privatpersonar kan avtale seg bort frå kjøpslova, slik at du kan inngå avtalar som for eksempel avgrensar seljar sitt ansvar. Det vanlegaste er at seljar har ein «blir seld som han er»-klausul. Det betyr at du må sjekke bilen ekstra nøye før du kjøper han. Du kan klage på tilbakehalden informasjon, men andre feil blir det vanskelegare å kunne klage på. Derfor er det viktig å lese kontrakten nøye.

Ikkje kjøp gjeld

Men før du underteiknar kontrakten, må du undersøkje om det er teke opp lån med pant i bilen. Det gjer du ved å sjekke registreringsnummeret til bilen i Brønnøysundregisteret.

– Du har retten på di side dersom seljar ikkje seier at bilen er pantsett, men det hjelper lite når banken tek bilen og seljar er forsvunnen, seier Flønes.

Forbrukarrådets tipsliste for kjøp av bruktbil

  • Be om tilstandsrapport Hvis ikkje; skaff ein sjølv.
  • Prøv bilen før du betaler.
  • Sjekk om bilen er EU-GODKJEND. Men hugs det er ingen garanti.
  • Sjekk serviceheftet for historikk og vedlikehald.
  • Sjekk om bilen er pantsett og at seljar er rett eigar.
  • Sjekk om seljar har betalt årsavgift.
  • Skriv alltid kontrakt. Hugs å få med årsmodell, km-stand og andre detaljar som vinterdekk.
  • Sjekk om kontrakten har særskilde vilkår.
  • Hugs å få med alle nøklane.

– Følg sjekklista vår. Då vil du sleppe mange uheldige overraskingar, seier direktør for forbrukarservice Ingeborg Flønes.