Dobling av flyrettssjekk
5. september, 2019
Startar ferien med forseinkingar og innstillingar på flyplassen, kan han lett bli øydelagt. Tal frå juli og august viser at dobbelt så mange har sjekka flyrettane sine denne sommaren.
Frå første juli til og med august nytta 31 300 unike brukarar flyrettssjekken, mot 16 500 i same periode i fjor. Det er nesten ein dobling i ein sommar prega av lite turbulens i flytrafikken samanlikna med året før.
– Årsaka til auken er for dårleg informasjon frå luftfartsselskapa om rettane til passasjerane. Det gjer at dei går til andre kjelder, som oss, seier leiar for forbrukardialog Pia Cecile Høst.
Ein rapport om reisevanar frå mars i år, viser at nesten kvar tredje passasjer meiner dei har fått dårleg, eller svært dårleg, informasjon frå flyselskapet ved forseinkingar eller innstillingar.

Sjekk om du har ei sak
– Flyrettssjekken gir deg moglegheit til å finne ut akkurat kva du har rett på, viss flyet ditt blir forseinka eller innstilt, eller bagasjen forsvinn. Du plottar berre inn flyplassane du reiser imellom og kva som er feilen. Du kan òg klage direkte til flyselskapet gjennom flyrettssjekken. Var flyreisa ein del av ei pakkereise, so klagar du til reisearrangøren, seier Høst
Flyselskapet, eller reisearrangøren, må få ei sjanse til å gjere opp for seg. Dei aller fleste sakene løyser seg mellom passasjerane og flyselskapet.
Klag til nemnda
Kjem du ingen veg med flyselskapet eller pakkereiseselskapet, kan du klage til Transportklagenemnda for fly eller Pakkereisenemnda.
– Igjen er tipset å sjekke flyrettssjekken! Sjekk om avslaget frå flyselskapet er riktig. Det er bortkasta tid for deg, og for nemnda, å sende ei grunnlaus klage, avsluttar Pia Cecilie Høst.
Det er stor pågang til nemndene. Sidan første juli til og med slutten av august har Transportklagenemnda for fly fått 630 nye saker og Pakkereisenemnda 38 saker.
FlyrettssjekkenSlik legg du flysjekken på di eiga nettside
Flysjekken kan enkelt leggast til på andre sider og nyheitssaker ved ein enkel iframe-kode. Alt du treng å gjera er å legga til iframekoden i saka di. (på same måte som ein embedder ein Youtub-video). Tenesta fungerer like fin på desktop, som på mobil.
<iframe style=»width: 100%;border: none; min-height: 650px;overflow-y: hidden;» scrolling=»auto» src=»https://app.forbrukerradet.no/flyrett/»></iframe>