Forside > Siste Nytt > Eit motbod betyr ikkje at nokon byr imot!

Eit motbod betyr ikkje at nokon byr imot!

1. oktober, 2013
Ein frustrert bustadkjøpar ringde meg nyleg og fortalde korleis han kom i skade for å by mot seg sjølv i bodrunden.

Mannen seier at han ikkje oppfatta at ordet «motbod» vart nytta i samtalen med meklar, og at han uansett ikkje visste kva eit «motbod» er. Og han har eit poeng, for reint språkleg er dette eit interessant ord, som fagfolk nok er trygge på tydinga av, men som kan vere lumsk for den jamne forbrukar.

Viss meklaren ringer deg og seier: «Seljaren seier han ikkje vil selje huset til deg for det du baud, men har brukt moglegheita si til å setje fram (eit for seljaren forpliktande) ’motbod’ tilsvarande 100.000 meir enn ditt høgaste bod, på 4,5 millionar kroner. Om du seier ja til dette, så er huset ditt».

Ja, da skjønar sjølvsagt einkvar kva som hender.

Byr mot deg sjølv

Men om meklaren ringer deg og seier: «Det har kome inn eit motbod som ligg 100.000 over ditt, altså på 4,5 millionar, kva gjer du no?» Kan det då tenkjast at ein forbrukar kan bli freista til å seie: «Då byr eg 4,6!» Då har du som forbrukar havna i den særs ulønsame posisjonen der du byr mot deg sjølv.

Kva bør meklaren gjere i ei slik sak? Skal han seie til bodgjevaren: «Nei – du må ikkje auke bodet, det rekk lenge at du seier ja eller nei». Då ville meklaren ha spart kjøparen for 100.000, men han ville òg ha sytt for at seljaren fekk 100.000 mindre, og truleg òg ha kutta si eiga provisjonsløn med nokre hundrelappar med det same. «Omsut» for båe partar skal meklaren ha etter lova, men ikkje når det gjeld prisen, då skal meklaren klart jobbe for seljar si sak.

Det er klart at ein bodgjevar må ha ansvaret for at han forstår vanlege ord og uttrykk og må spørje dersom han er i tvil, men når ein meklar skjønar at bodgjevar misforstår omgrepet, pliktar han å gjere bodgjevar merksam på mistydinga. Noko anna vil heilt klart vere brot på god meklarskikk, jf. eigedomsmeklarlova § 6-3 (1).

Meklar skal ha auge for seljar si interesse med omsyn til høgast mogeleg pris, men ikkje for kjøpar si rekning i ein situasjon som denne. Dette vil også vere noko som vil vere eigna til å svekkje tilliten til integriteten til meklaren.

Nye reglar for skriftleg bodgjevning

Det er ingen tvil om at realiteten i eit «motbod» er at seljaren ikkje aksepterer det bodet du kom med, og ønskjer meir pengar, og såleis prøver å lokke deg til å gå litt høgare enn du eigentleg hadde tenkt. Men korleis orda fall i den munnlege samtalen er det ikkje lett å ha ei fullgod meining om i etterkant. Og ei heilt anna sak er sjølvsagt om forbrukaren skjøna orda som var nytta. Det er difor ei lykke at finansminister Sigbjørn Johnsen har skipa nye reglar for skriftleg bodgjeving som blir gjort gjeldande frå nyttår neste år.

Skal ein tru dei mange økonomane som spår utviklinga på bustadprisar, og at seljarar i mange høve må ta til takke med lågare prisar enn dei drøymde om for litt sidan, kan «motbod» fort bli meir brukt enn til no.

Så det er all grunn til å førebu seg godt på bodrunden, og spørje om du er i tvil, slik at du ikkje øydslar bort pengar til inga nytte.