Forside > Siste Nytt > Forbrukarrådets guide for julegåvebyte

Forbrukarrådets guide for julegåvebyte

18. desember, 2019
Har du fått ei bukse som ikkje passar, eller dobbelt opp av same bok til jul, har vi råd til deg for eit saumlaust byte.

Foto: NTB Scanpix

  • Ta vare på bytelappen eller kvitteringa.
  • Byt så raskt du kan. Då går det ikkje i gløymeboka, og du slepp å bryte fristar.
  • Dei fleste butikkar lèt deg få byte det du har kjøpt i romjula, så sant det er ubrukt og uskadd. Ta vare på kvitteringa eller bytelappen, og hald fristen som står på han. Det er opp til butikken å sette vilkåra. Hygieniske artiklar, og kroppsnære plagg, er som regel sett bort frå.
  • Ein del store kjeder gir svært rause bytevilkår. Nokre stader kan du få tilbake pengane for ein ubrukt vare etter eit halvt år. Andre lèt deg teste det du har kjøpt i ein månad, før du kan levere det inn og få pengane tilbake.
  • Dersom gåva er kjøpt på døra, nett, eller ein julemarknad, har du stort sett angrerett. Ved dørsal og julemarknad så er det eit krav at gåva kosta over 300 kroner. Angreretten gjeld i fjorten dagar etter at kjøpar fekk vara, slik at du må sjekke om fristen har gått ut før du tar kontakt med firmaet eller butikken.

Her kan du lese meir om angrerett.

To av fem byter julegåver

Ei undersøking vi gjorde i fjor, viste at 38 prosent har bytt julegåve dei siste to åra. Det er folk mellom 18 og 44 som byter mest. Dei over 60 byter minst.

Hittil i 2019 har vi hjelpt 1 529 forbrukarar med spørsmål om angrerett. Av desse førespurnadene gjaldt 890 spørsmål om angrerett på forbruksvarer, medan resten gjaldt ulike tenester.

Befolkningsundersøking om gåvebyting