Siste nytt

Forbrukarrådets guide til julebordet

4. desember, 2019

Vi håper julebordssesongen blir ein suksess, men viss uhellet er ute, har vi råda.

Par på restaurant.Foto

Kva kan eg gjere når maten ikkje smaker

Er maten dårleg, er det ingen grunn til å vere beskjeden. Sei ifrå, slik at du får det du har bestilt. I første omgang har du rett på ny porsjon. Viss ny servering ikkje er aktuelt, er prisavslag ein måte å løyse problemet på.

Viss du er riktig uheldig og blir matforgifta på restauranten, bør du oppsøkje lege og skaffe sjukemelding. Du kan krevje erstatning for utgifter til eigendel for lege og medisinar.

Slik klagar du på restauranten.

Kva slags ansvar har garderoben?

Er garderoben betent, kan du krevje erstatning viss frakken eller vesker blir borte. Generelle ansvarsfråskrivingar frå restauranten eller garderobevakta gjeld ikkje, men det er mogleg å sette ei øvre grense for erstatning. Er ikkje garderoben betent, sit du med ansvaret sjølv.

Er erstatningsgrensa låg, eller garderoben ikkje er betent, så tilrår vi at du lèt den dyraste frakken vere heime.

Kva er taxirettane mine?

Gi beskjed til drosjesentralen, viss ikkje taxien kjem til avtalt tid. Då skal dei sende ein annan bil så raskt som mogleg.

Du må følgje køen på taxihaldeplassen, men du kan velje drosje sjølv. Viss drosjesjåføren køyrer ein omveg, eller feil veg, sei ifrå. Det vanlege er at drosjesjåføren slår av taksameteret til du er på rett veg igjen.

Gløymer du igjen noko i taxien, skal dei ta vare på det. Ta kontakt med taxisentralen, om du ikkje har telefonnummeret til drosja og kan kontakta drosjesjåføren direkte.

Slik er taxirettane dine.

Sjekk forsikringa di

Det kan hende at du allereie er dekt for uhell og tjuveri på julebordet. Sjekk med forsikringsselskapet ditt om dei kan dekkje øydelagt kjole og forsvunnen mobil. Er eigendelen høg, lønner det seg ikkje å bruke forsikringa. Hugs at nokre gjenstandar kan få høgare eigendel, viss du mistar dei ofte.

Vi kan hjelpe deg med å løyse ein konflikt

Vi kan gje råd og rettleiing, viss du kjem i ein konflikt. Skriv først ei klage til restauranten eller drosjesentralen. Hjelper ikkje det, kan vi mekle i saka. Hugs å leggje ved kopi av eventuelle kvitteringer for tenesta og eventuelle utlegg.

Abonner på vårt nyhetsvarsel