Forside > Siste Nytt > GDA-tøys

GDA-tøys

16. oktober, 2012
Du har kanskje registrert det allereie. Produsentar har begynt å merke produkta sine med GDA.

Det står for Guideline Daily Amount eller rettleiande dagleg inntak. Dessverre er ordninga meir egna til å villeie enn å vegleie oss forbrukarar.

GDA er utvikla av matindustrien og er ei merkeordning som skal vise innhald av energi, sukker, fett, metta fett og salt/natrium i ein porsjon mat eller drikke. Men kva er ein porsjon? Storleik på porsjon og dagleg behov varierer  mykje frå  person til person. Ordninga baserer seg på ein såkalla gjennomsnittsperson – ei kvinne mellom 18 og 30 år som er lite aktiv. Det betyr at merkinga vil være temmeleg misvisande for alle andre forbrukarar enn akkurat denne kategorien. Barn og unge vil for eksempel ha behov som varierer svært mykje frå dette.

Det mest problematiske med ordninga er likevel noko anna. Merkeordninga overlet til matindustrien sjølv å fastsette kva som er ein naturleg porsjon av ulike typar mat og drikke. Dette utnyttar bransjen til fulle og definerer små porsjonar  av den usunne maten, slik at usunne produkt framstår som sunnare enn dei er. Kjenner du nokon som finn fram potetgullpakken og berre et 30 gram? Mange vil meine at det då vert lite kos med Kims. Eller kor ofte greier du å stoppe etter 25 gram mjølkesjokolade? Drikk du berre ein halv halvliter cola før du set flaska attende i kjøleskapet?

Forbrukarrådet i Danmark har gjort ei undersøking som viser at forbrukarane opplever storleiken på ein porsjon som mykje større enn  det som vert merka av bransjen. Når bransjen får gjere som dei vil, blir resultatet dessverre at ei rekke varer  framstår sunnare enn dei er. Med GDA blir det ikkje enklare for oss forbrukarar å gjere sunne val – det blir vanskelegare. Derfor er det urovekkande at EU si nye matinformasjonsforordning vil medverke til at denne villeiande matmerkinga får breie om seg i Noreg.

GDA er ei frivillig ordning. Vi håper bredda av norske produsentar held seg for god til å ta i bruk denne merkeordninga.