Forside > Siste Nytt > Kårar beste og verste emballasje

Kårar beste og verste emballasje

12. september, 2018
Forbrukarrådet og Svanemerket ber deg og meg om hjelp til å finne gode og dårlege eksempel på emballasje i norske daglegvarehyller. Vinnarar og taparar skal peikast ut på NRK Forbrukerinspektørene (FBI) den 24. oktober.

I juryen sit Forbrukarrådet, Svanemerket, Norner og Østfoldforskning. Dei treng hjelp av forbrukarane til å finne fram til beste og verste emballasje.

Del forslaget ditt med oss på Facebook eller Instagram ved å bruke #smartemballasje. Skriv gjerne kor du kjøpte vara, eller lenkje til nettbutikk. Kanskje blir nett forslaget ditt med i kåringa av beste og verste emballasje.

Vil ha mindre emballasje som ikkje trengst

– Plastemballasje til daglegvarer har ein funksjon, men blir som regel brukt berre ein gong. For ofte er det mykje luft og unødvendig mykje plast rundt produkta. Med denne kåringa håper vi at fleire produsentar og daglegvarekjeder bryr seg enda meir om korleis dei pakkar inn daglegvarene, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord.

Plast kan vere nyttig for å bevare mat lenger og redusere matavfall, men det negative med plast blir stadig meir synleg. Verda sin plastproduksjon har auka til over 300 millionar tonn per år. Kvart år lek minst åtte millionar tonn plast ut i havet.

Difor håper Svanemerket, som bidreg med kompetanse i kåringa, at dette kan auke bevisstheita rundt kva som er god emballasje.

– God emballasje tek vare på produkta som er inni og fører til mindre svinn, mens dårleg emballasje sløser med ressursane. Sjølv om dette er eit komplekst område, er det mange som finn gode løysingar, seier Anita Winsnes, direktør i Svanemerket.

Del eksempel på #smartemballasje

Initiativtakarane ber forbrukarane fyrst og fremst å leite i norske daglegvarebutikkar etter eksempel på både god og unødvendig emballasje.

– Andre bransjar, som for eksempel leiketøys- og elektronikkbransjen, har heilt klart også utfordringar med unødvendig bruk av emballasje. Denne gongen vil vi likevel sjå nærmare på eksempel frå stadene der vi handlar oftast – daglegvarebutikkane, seier Instefjord.

– Så del bilete av eksempel, og bruk #smartemballasje, oppmodar han.

Kriterium

  • Bruk av plast:
    Unødvendig bruk av plast vil spele negativt inn, då plast på avvegar er ei stor utfordring, mens meir miljøvennlege materiale som alternativ til plast, vil gi poeng.
  • Smart emballasje:
    Det vil gi poeng at emballasjen hjelper oss som forbrukarar å oppbevare maten godt, slik at kvar og ein av oss dermed kan vere med på å hindre matsvinn.
  • Unødvendig mykje emballasje, mykje luft og bundling:
    Ein del produkt kjem i for store forpakningar, eller med for mange av kvar enkelt vare, som gjer at vi må kjøpe meir enn det vi faktisk treng. Eller motsett, stor forpakning får oss til å tru at det er meir i pakken enn kva det faktisk er.
  • Sortering
    Det er for ofte vanskeleg å vite korleis emballasjen skal sorterast. Mangelfulle forklaringar og unødvendig bruk av kombinasjonsmateriale kan vere grunnar til det. For å hjelpe forbrukarane å sortere riktig bør det stå korleis emballasjen skal sorterast på forpakningane.

For kvar av kriteria over vil juryen vurdere ut frå ei rekkje gitte vurderingar som byggjer på kunnskap om emballasje.

Fakta om avfall

  • Nordmenn produserte 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2016. Det svarar til 433 kilo pr. innbyggjar.
  • Mesteparten av avfallet er blanda avfall, treavfall, papir og papp.
  • Plast utgjer ca. to prosent av hushaldsavfallet eller 40 000 tonn. Det er ca. åtte kilo pr. innbyggjar i året.
  • Verda sin plastproduksjon har auka til over 300 millionar tonn per år. Kvart år lek minst åtte millionar tonn plast i havet.
  • Plastemballasje til daglegvarer blir som regel brukt berre ein gong, og det er ofte veldig mykje luft og unødvendig mykje plast rundt mange produkt.
  • Har du sjølv reagert på unødvendig bruk av plast og emballasje på daglegvarer? Hjelp oss å kåre dei beste og verste eksempla.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB), Aftenposten og ellenmacarthurfoundation.org