Forside > Siste Nytt > Når La Playa lokkar meir enn skibakken

Når La Playa lokkar meir enn skibakken

25. mars, 2013
Pakkereiser er ei forbrukarvennleg form for påskeferie. Forbrukarrådet gir deg rettane du har som pakkereiseturist på påskeferie.

– Som pakkereiseturist er du godt dekt i lovverket, seier kommunikasjonsrådgjevar Martin Skaug Halsos.

Høve for å avbestille

Pakkereiselova gjeld dersom du kjøper ei reise som består av minst to av tre følgjande delar: transport, innkvartering og/eller eit arrangement. Turen må vare i over 24 timar. Vidare må tenestene marknadsførast eller seljast samla.

– Vi har sett at internettselskap sel flyreiser og hotell med samla pris, men har med i vilkåra at dei blir selde separat. Det er ikkje etter lova, seier kommunikasjonsrådgjevaren.

Pakkereiselova gir deg rett til å avbestille innan 42 dagar før reisa, mot at du betaler eit gebyr på 300 kroner. Dess nærmare du er avreisedato, dess meir må du betale for å avbestille. Sjølv om du har avbestillingsrett, kan det derfor lønne seg med ei avbestillingsforsikring mot for eksempel sjukdom. Turoperatøren skal tilby ei slik forsikring. Dersom Utenriksdepartementet frårår deg å reise til feriestaden på grunn av ein naturkatastrofe eller krigsliknande tilhøve, kan du avbestille utan å måtte betale noko.

– Men arrangøren kan også avlyse, og endre prisen opp til 10 % innan 20 dagar før du skal reise, så lenge det er opplyst på førehand, seier Martin Skaug Halsos.

Du kan i alle tilfelle overføre reisa di til andre.

Rettar undervegs

Arrangøren har ansvar for at reisa blir som avtalt. Under flyreisa gjeld dei vanlege rettane som forpleiing ved forseinkingar, og du har rett på at hotellet skal vere slik reklamen lover i reisekatalogen. Treng du visum, skal selskapet seie ifrå om dette, men gyldig pass må du ordne med sjølv.

– Pakkereiselova er slik at den kan gje kompensasjon for øydelagt ferie, sjølv om du ikkje har økonomisk tap, seier han.

Det betyr at dersom dei ikkje har opplyst om at hotellet er ein byggjeplass, eller at det likevel ikkje var basseng, kan du få prisavslag.

Sjå etter Reisegaranti-logoen

Dersom turoperatøren går konkurs mens du er i utlandet, kan det gå deg ille. Får ikkje hotellet eller flyselskapet pengane sine, vil dei kunne kaste deg ut eller nekte deg å bli med flyet. For å sikre deg som pakkereiseturist er det oppretta eit eige fond, slik at du er sikra transporten heim. Sjå derfor etter logoen til Reisegarantifondet. Alle som sel pakkereiser i Noreg, skal vere med i fondet.

Klag til pakkereisenemnda

– Du kan klage til pakkereisenemnda om du ikkje får det du meiner du har rett på etter pakkereiselova, seier Martin Skaug Halsos.

Hugs at du alltid må klage mens du er på staden, slik at turoperatøren har høve til å gjere opp for seg. Du kunne til dømes få eit nytt rom som var meir stille, eller fått ordna den drikka du bestilte gjennom all-inclusive. Gjer du ikkje det, kan du miste rettane dine. Hugs å klage skriftleg. Ein e-post er nok.

Enkle råd for ein avslappa ferie

Sjølv om det finst klageordningar, er det om å gjere at du slepp å gå den vegen. Vi har laga ei kort hugseliste, slik at du unngår å få problem i påskeferien:

  • Set deg nøye inn i kva brosjyren seier.
  • Sjekk kva som meinest med all-inclusive, om du har bestilt det.
  • Klag på staden til reiseoperatøren – dei må ha høvet til å gjere opp for seg.
  • Sjå etter logoen til Reisegarantifondet – og du er sikra ved konkurs og kan klage til pakkereisenemnda.