Tips til julehandelen frå Forbrukarrådet
25. november, 2021
I år kan du bli nøydd til å planleggje julehandelen betre enn vanleg. Det blir meldt om varemangel og forseinkingar. Her er råda om korleis du skal få gåvene under treet i tide.
Det kan vere lurt å starte julehandelen tidleg i år, særleg dersom du har tenkt å handle julegåvene på nett. Mange butikkar melder om problem med leveransar, anten fordi fabrikkar og nisseverkstader manglar delar og såleis ikkje får produsert varer, eller fordi det er problem med transporten.
Difor kan det vere lurt å sjekke om julegåvene kjem til å kome fram i tide. Rettane dine kjem òg an på om du handlar i ein nettbutikk eller i ein fysisk butikk.
Sjekk leveringstid
Uansett om du handlar på nett eller i butikk, er det lurt å sjekke lagerstatus og leveringstid. Dersom du handlar i ein fysisk butikk og dei ikkje har vara du vil ha på lager, bør du be om ei stadfesting på at dei kan levere før jul.
− Om butikken ikkje greier å levere før jul som lova, kan du då heve kjøpet og få att pengane, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Dersom du handlar i ein nettbutikk, er det endå viktigare å sjekke lagerstatus og leveringstid.
− Nettbutikkane viser ofte venta leveringstid på sidene sine. Dersom vara blir forseinka, skal du som kunde få beskjed. Dersom vara likevel ikkje kan leverast før jul, vil du ha rett til å gå frå avtalen. Mange nettbutikkar gjev opp ein seinaste bestillingsdag for at varer skal kome fram før jul. Bestiller du etter denne datoen, kan du ikkje vente at vara kjem fram til jul, og du har i så fall heller ikkje krav på å få att pengane, forklarar Iversen.
Følg ekstra godt med
Vel varer som er på lager eller som har kort leveringstid.
− Er du i tvil om leveringstida, så be butikken om å stadfeste at vara vil kome fram før jul. Ta kontakt på chat eller e-post, slik at du har dokumentasjon. Følg òg med på meldingane frå leverandøren eller transportøren om kvar pakken din er. Dersom vara likevel ikkje kjem fram som avtalt, kan du heve kjøpet og få att pengane, seier Iversen.
Betal med kort
Å betale med kredittkort eller Visa-kort gjev ekstra tryggleik dersom varene ikkje dukkar opp til jul.
− Dersom butikken der du har bestilt varene, til dømes går konkurs, slik at du ikkje får varene, eller om varene ikkje er slik som lova, kan du krevje å få att pengane du har betalt frå banken. Det same gjeld dersom varene ikkje kjem fram. Dette kallar vi kortreklamasjon, seier Iversen.
Råd for gåvekjøp på nettet:
- Sjekk at nettbutikken er norsk og at varene blir sende frå Noreg.
- Sjekk om nettbutikken har varene på lager.
- Sjekk leveringstida.
- Følg pakkesporinga.
- Betal med kreditt- eller Visa-kort.
- Du har 14 dagars angrefrist, men du må som regel betale returfrakt.
Råd for handel i fysiske butikkar:
- Hugs bytelapp.
- Om vara må bestillast, be om skriftleg stadfesting på leveringstid før jul.
- Sjekk undervegs. Dersom vara ikkje kan leverast som avtalt, kan du avbestille kostnadsfritt.
- Dersom vara er spesiallaga for deg, kan du bli nøydd til å betale sjølv om ho blir forseinka.
- Betal med kreditt- eller Visa-kort, men hugs å betale heile kredittbeløpet etter jul.
Presse

Henrik Ebne
Kommunikasjonsrådgiver forbrukerrettigheter