Forside > Siste Nytt > Usunn biltrimming

Usunn biltrimming

12. juni, 2014
Nokon liker å gi bilen ekstra gass ved å trimme den. Det byr på problem når bilen skal seljast vidare.

– Å trimme bilen er ikkje berre ulovleg. Trimming kan også vere ein alvorleg mangel, som betyr at du som kjøpar vil kunne få pengane tilbake dersom du ikkje er opplyst om det på førehand, seier regiondirektør Pia Kleppe Marken ved Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Regiondirektøren viser til eit nyleg vedtak i Forbrukartvistutvalet der ein mann frå Hordaland fekk att pengane for ein bruktbil til ein halv million, fordi bilen var trimma. Saka er tidlegare forsøk mekla ved Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane utan hell. Seljaren sa han hadde opplyst kjøparen om trimminga munnleg før kjøpet. Kjøpar nekta for det, og sidan seljar ikkje hadde skriftlege prov, tapte han saka.

Mann fikser bil. Foto.

Foto: Colourbox.com

Du finn vedtak 14/282 frå Forbrukartvistutvalet i nederst i artikkelen.

Vedtaket er ikkje rettskraftig. Seljar har stemna kjøpar for tingretten, men det er ikkje vurderinga av trimming som hevingsgrunn det er usemje om, men om det er eit forbrukarkjøp eller ikkje.

Trimming er hevingsgrunn

Kort tid etter handelen oppdaga kjøparen av ein bruktbil til ein halv million kroner, to karosseriskadar på dørene som ikkje var reparerte godt nok. Han fann samtidig ut at bilen var eitt år nyare enn det som var blitt opplyst. Seinare blei det også klarlagt at motoren ikkje hadde 265 hestekrefter som annonsert, men berre 211 hestekrefter. Dei ekstra hestekreftene kom av trimming.

Etter eit mislukka forsøk på mekling, hamna usemja i Forbrukartvistutvalet. Der tapte seljar, og fekk vedtak på at han måtte betale kjøparen pengane tilbake.

– Det skal ein del til for å få hevt eit bilkjøp, men for Forbrukartvistutvalet var trimminga grunn nok til at kjøparen fekk hevt kjøpet, seier regiondirektøren.

Utvalet skriv at trimming er ein så alvorleg feil at det i seg sjølv gir rett til å heve avtalen og få pengane igjen. Dei grunngir det med at trimming av motoren medfører raskare slitasje på viktige delar av motoren, og gir auka risiko for feil på bilen. I tillegg kan kjøparen få ei overraskande bot samt tap av garanti- og forsikringsdekning.

Atterhald fritek ikkje

Kontrakten mellom firmaet og mannen hadde ein «selt som det er»-klausul. Seljar så også på bilen før kjøp, og den blei prøvekøyrd.

– Vi ser i fleire av sakene våre at mange seljarar trur at atterhald i kontrakten om at noko er «seld som den er», fritek dei for reklamasjonar, men slik er det ikkje, seier Pia Kleppe Marken.

Sel ein næringsdrivande noko til ein privatperson, gjeld forbrukarkjøpslova. Det betyr at du kan klage dersom vara er mykje dårlegare enn du kan forvente ut frå atterhaldet, pris, alder eller andre ting du burde rekne med.

Klag om du oppdagar trimming

– Vårt råd til forbrukarar som opplever at bruktbilen er blitt trimma utan at dei er blitt opplyste om det, er å klage, avsluttar regiondirektør Pia Kleppe Marken ved Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Har du kjøpt bilen av ein privatperson, kan du klage i to år, og har du kjøpt bilen av ein næringsdrivande, kan du klage i fem år. Forbrukarrådet kan mekle i saka om du og seljar ikkje blir samde.

FTU vedtak 14/282