Ein skriftleg avtale provar kva som er avtalt. Nytt gjerne kontrakten til Forbrukarrådet. Ta òg vare på annonsen for bilen.
Dersom bilen er pantsett, kan du risikere å miste han. Det følgjer nemleg bilen, og ikkje eigaren. Du sjekkar det lett hos Brønnøysundregistera, og ta vare på utskrifta. Det tek om lag tre dagar før eit hefte blir registrert. Det er viktig at du kan dokumentere at du har vore i god tru, dersom det skulle bli problem i ettertid.
Du kan få vite om årsavgifta er betalt via Skatteetaten.
OBS! Frå 2018 blir årsavgifta ein del av bilforsikringa.
I somme tilfelle vil forsikring betalt i 2017 kunne dekkje årsavgifta for delar av 2018. Dersom det ikkje er registeret betalt årsavgift på bilen, bør du sjekke dette med seljar
Pass på at legitimasjonen til seljaren stemmer med namnet på eigaren i vognkortet. Dersom du betaler til ein som ikkje eig bilen, risikerer du å tape både pengane og bilen. Send sms. til 2282, der du skriv «REGNR» før registreringsnummeret ditt: REGNR AA00000. Tenesta kostar tre kroner.
Serviceheftet viser bilen sin historikk, og kan gi god informasjon om arbeidet som er gjort på den. Statens vegvesen tilbyr også køyretøyopplysingar via SMS.
Undersøk tilstanden på bilen og be om prøvekøyring. Du bør også gjere ein test hos ein autorisert verkstad. Nytt gjerne tilstandsrapport som er utarbeidd av Forbrukarrådet og Norsk Bilbransjeforbund.
Ein garanti skal gi deg betre rettar enn kva lova allereie gjer. Det kan vere slikt som lengre klagefrist, eller gratis reparasjon. Sjekk at tidlegare eigar har følgt vedlikehaldsprogrammet – det er ein føresetnad for at garantien skal gjelde.