Forside > Slik klagar du

Slik klagar du


Er det ein feil eller mangel med det du har kjøpt? Her finn du
informasjon om korleis du går fram for å klage.

 

 

1

Klage til seljar

Sjekk om du har grunnlag for å klage

Spørsmål
Nei

Kven er ansvarleg for feilen?

Dersom årsaka til feilen følgde med kjøpet, kan du reklamere. Er det ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, må seljaren ordne opp.

Dersom du kjende til feilen, eller om den skuldast noko du har gjort, eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan nytte.

Les meir om du har grunn til å klage

Korleis klagar eg til seljar?

Spørsmål
Nei

Gjer det skriftleg

Klag skriftleg og send med kvittering, eller garantiprov saman med eventuell annan dokumentasjon. Då reduserer du misforståingane, og du kan seinare prove at du klaga tidsnok. Set ein svarfrist, og bruk gjerne eit av Forbrukarrådet sine klagebrev.

Klagebrev til seljar

Seljaren si plikt!

Svar
Nei

Må ta imot klaga

Du har krav på at seljaren vurderer klaga di, og vi tilrår at du forheld deg til han. Du har òg moglegheit til å sende klaga til for eksempel importør eller produsent, men det er fritt val for deg.

Betaling for undersøking

Seljaren må kanskje gjere undersøkingar for å svare på klaga di. Dersom det viser seg at du sjølv har ansvaret for feilen, kan han ta betalt for det, men berre dersom de avtalte det på førehand. Har seljaren ansvaret, skal du uansett ikkje betale.

Kva når eg har handla utanlands?

Spørsmål
Nei

EU og Island

Dersom du vil klage på noko du har kjøpt av ein næringsdrivande i EU-landa eller på Island, kan du få hjelp av Forbruker Europa.

Andre land

Elles i verda er det store variasjonar når det gjeld klagealternativ. Søk på nettet etter kva som gjeld i det landet du har handla i.

Kva har eg rett til når seljaren reparerer?

Spørsmål
Nei

Låneprodukt

Nokre ting er vanskelege å unnvere. Då har du krav på å få låne ei erstatning av butikken dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken målt opp mot kva nytte du har av det. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke.

Dersom du ikkje får låne for eksempel ein mobil, trass i at du har krav på det, kan du ha krav på å heve kjøpet. Det vil seie at du leverer inn det du har kjøpt, og får tilbake pengane.

2

Klag saka inn for Forbrukarrådet eller ei klagenemnd

Klage til Forbrukarrådet eller klagenemnd

Svar
Nei

Klage til Forbrukarrådet

Forbrukarrådet kan mekle når du har kjøpt ein ting eller teneste av ein næringsdrivande, og også når du har kjøpt ein ting av ein privatperson. Nytt klageskjemaet vårt under.

OBS! Vi har for tida stor pågang av saker. Du må rekne med mellom 8-10 veker frå du har sendt inn klaga til vi kan starte meklinga.

Klag til Forbrukarrådet

For å klage må du leggje inn einskilde personopplysingar. Desse blir trygt lagra hos oss.

Vi gjer merksam på at alle saker som blir behandla hos oss er offentlege, og det medfør at det kan krevjast innsyn. Sensitive personopplysingar blir alltid unnateke frå innsyn.

Då alle opplysingar som blir sende inn også blir sende over til motparten, ber vi om at du unngår å sende inn sensitive opplysingar med mindre det er av tyding for saka. 

 

Klage til klagenemnd

Det er også oppretta fleire klagenemnder. Dersom saka fell inn under ein av desse, må du ta saka inn for den nemnda.

Bank Bustad (nybygg) Breiband Eigedomsmeklar Forsikring Inkasso Parkering Reise Straum Takstmann Telefoni TV-tenester

Følg eventuelt framgangsmåten den skildrar. Seljaren er ikkje bunden til å følgje vedtaket, men gjer som regel det. I motsett fall kan det gi negativ merksemd, og vedtaket kan dessutan blir brukte i ein eventuell rettsleg prosess.

Saker som ikkje blir behandla av Forbrukarrådet eller klagenemnd

  • Klager på helsetenester gitt av helsepersonell skal rettast til Fylkesmannen.
  • Dersom du vil klage på vidaregåande og høgare utdanning, skal klaga sendast til utdanningsinstitusjonen.
  • Når du vil klage på ein bustad, og seljar har eigarskifteforsikring, klagar du til forsikringsselskapet. Dersom de ikkje blir einige, kan du klage til Finansklagenemnda. Dersom seljaren ikkje har eigarskifteforsikring, og de ikkje blir einige på eiga hand, må du ta saka til domstolen, der forliksrådet er fyrste instans.
  • Forbrukarrådet tek ikkje klagesaker på slikt som fengsel, rettsstell, og grunnleggjande velferdsoppgåver som helse, omsorg og utdanning.

 

Det er gratis å få behandla klaga

Det kostar ikkje noko å få saka behandla hos Forbrukarrådet. Det er gratis også hos dei fleste nemndene, men enkelte kan ta eit lite gebyr. Vår erfaring er at saka enklast løyser seg ved mekling utan at innblanding av advokat eller anna juridisk hjelp. Dersom du likevel ønskjer å betale for juridisk hjelp, må du dekkje dette sjølv, utan omsyn til utfall. Ver merksam på at kostnaden ved å nytte advokat ofte blir høgare enn det du krev i sjølve saka.

Klage på varer og tenester kjøpt i utlandet

Svar
Nei

EU/EØS

Dersom du vil klage på noko du har kjøpt av ein næringsdrivande i EU-landa eller på Island, kan du få hjelp av Forbruker Europa.

Andre land

Elles i verda er det store variasjonar når det gjeld klagealternativ. Søk på nettet etter kva som gjeld i det landet du har handla i.

3

Klag til Forbrukarklageutvalet

Kva gjer du dersom det ikkje ordnar seg med mekling i Forbrukarrådet?

Spørsmål
Nei

Kva må til for at saka kan gå til Forbrukarklageutvalet?

Saka din må fyrst ha vore til mekling i Forbrukarrådet. Vidare må klaga gjelde anten ein profesjonell handverkar, ein ting, eller at du ønskjer å nytte deg av angreretten.

Treng du hjelp til å ta saka vidare?

Vi sender saka til Forbrukarklageutvalet (FKU) for deg og kan hjelpe deg å fylle ut skjemaet for det, om du vil.

Kva betyr eit vedtak i FKU?

Eit vedtak i FKU er bindande, og eit rettskraftig krav kan drivast inn av namsmannen. Det betyr at du har større moglegheit til å få for eksempel pengane nokon skulder deg.

Rettsleg prosess

Svar
Nei

Saka inn for forliksrådet

Prosessane i Forbrukarrådet og klagenemndene skal halde konflikt- og ressursbruk på lågast mogelege nivå. Det er likevel mogeleg å ta saka til retten med forliksrådet som fyrste instans. Ver merksam på at du då kan få rekninga for sakskostnadene. Har saka vore til behandling i FKU, må den gå rett til tingretten, og du må då vurdere om det er verdt kostnadene.