Inkasso

Har du fått inkassovarsel i posten? Sjekk korleis du kan ordne opp, og kva for rettar du har.

Kva gjer du viss du er usamd i inkassokravet?

Meld tilbake umiddelbart

Inkassolova avgjer kva for plikter og rettar du har når det gjeld inkasso. Får du eit krav som du meiner er feil, ta umiddelbart kontakt med den som krev deg for pengar. Hugs at det alltid er lurt å kunne dokumentere at du har teke kontakt. Ta kopi av brev, eller skriv ned kven du har snakka med.

Kravet blir sett på hold

Dersom innvendingane dine ikkje er openberra grunnlause, blir kravet sett på som omtvista. Det kan då ikkje bli drive inn gjennom ordinær inkasso. Saka skal då bli sendt forliksrådet for rettsleg avgjerd.

Kva skjer viss inkassovarselet ikkje kjem fram?

Dersom inkassobyrået kan dokumentere at inkassovarselet er sendt på ein forsvarleg måte, så hjelper det ikkje at det blir forseinka i posten, kjem bort eller av ein annan grunn ikkje blir motteke. Til dømes er kravet sendt på ein god nok måte dersom det er sendt til adressa du har oppgitt.

Dersom du har flytta, og ikkje meldt adresseendring til kreditor, har inkassobyrået oppfylt forpliktingane sine dersom kravet er sendt til den adressa du har oppgitt.

Kva kostar det viss du ikkje betaler i tide?

Forseinkingsrente

Viss du ikkje held fristen, må du betale rente på forseinkinga. Du finn gjeldande rente på regjeringen.no. Viss du har fått inkassokrav fordi du ikkje har betalt låneavdrag, kan rente bli høgare. Då kan nemleg inkassoselskapet krevje den renta du har på lånet i staden for.

I tillegg til forseinkingsrente, kan du måtte betale innkrevjingskostnader.  Sjekk gjeldande sats i inkassoforskriften. Pr. 1.1.2021 var den 700 kroner.

Når han du skylder pengar sjølv krev inn

  • For purring/inkassovarsel kan du bli kravd 1/20 av inkassosatsen
  • For betalingsoppfordring kan du bli kravd 3/20 av inkassosatsen.

Merk deg at kreditor ikkje kan ta betalt for meir enn to purringer og ei betalingsoppfordring, eller ein purring, deretter eitt inkassovarsel og ei betalingsoppfordring.

Når eit inkassobyrå krev inn

Tabellen under viser maksimalsatsar for kor mykje du kan betale i utgifter til inkassobyrå eller advokat. Du kan som hovudregel ikkje bli beden om å betale beløp som overstig desse.

Sjekk gjeldande sats i inkassoforskriften.

Dersom du betaler innan fristen på fyrste inkassovarsel, skal du ikkje betale vederlag til inkassobyrået.

  • Tunge krav: Fristen på ei betalingsoppfordring har gått over tida med meir enn 28 daga
  • Enkle krav: Ei betalingsoppfordring som kan ha gått over fristen i inntil 28 dagar

For krav t.o.m kroner:

500

1000

2500

10 000

50 000

250 000

Over 250 000

Enkle krav

0,25 x inkassosats

0,35 x inkassosats

0,4 x inkassosats

0,8 x inkassosats

1,6 x inkassosats

3,6 x inkassosats

7,2 x inkassosats

Tunge krav

0,5 x inkassosats

0,7 x inkassosats

0,8x inkassosats

1,6 x inkassosats

3,2 x inkassosats

7,2 x inkassosats

14,4 x inkassosats

Krav til inkassovarselet

Krava til eit inkassovarsel er:

  • Det skal vere skriftleg.
  • Fristen for å betale det opphavlege kravet må ha gått ut.
  • Det skal i varselet bli gitt ein betalingsfrist på minimum 14 dagar.

Kravet til skriftlegheit er oppfylt både ved bruk av papir og ved bruk av elektronisk kommunikasjon, så lenge kommunikasjonen er på ein forsvarleg måte.

Merk deg at kreditor kan sende eit inkassovarsel utan å ha sendt deg purring på førehand. Dersom kreditor skal ta seg betalt for varselet, blir det ytterlegare stilt krav.

Det skal

  • ha gått minimum 14 dagar etter den opphavlege betalingsfristen
  • opplyse om storleiken på kravet
  • opplyse kva kravet gjeld

Krav til god inkassoskikk

Kreditor eller inkassobyrået må opptre i samsvar med god inkassoskikk. Det vil seie at dei ikkje får bruke metodar som utset deg for urimeleg påtrykk, skade eller ulempe. Viss kreditor eller inkassobyrået bryt god inkassoskikk, kan konsekvensane bli at heile eller delar av kostnadene ved inndrivinga kan falle bort.

OBS!  Det er berre kostnadene ved inndrivinga som fell bort. Sjølve kravet fell ikkje bort av den grunn.

Det er i strid med god inkassoskikk viss til dømes:

  • Du får feilaktige opplysingar om konsekvensane av at du ikkje betaler
  • Det kjem fram opplysingar om at saka vil bli kjent for venner eller familie viss du ikkje betaler
  • Du blir oppsøkt personleg på ein krenkjande måte, til dømes på jobben
  • Det blir drive telefoninkasso seint på kvelden, om natta, eller på heilagdagar
  • Det blir driven inn krav som er openberra grunnlause eller omtvista ved ordinær inkasso
  • Det blir registrert ein betalingsmerknad når kravet er omtvista
  • Du blir tilboden lån, slik at du kan dekkje fordringa

Betalingsmerknaden skal slettast når du har gjort opp for deg

Lèt du vere å betale, kan du bli registrert som dårleg betalar, men betalingsmerknaden skal slettast omgåande etter at du har gjort opp for deg. Lèt du vere å reagere eller betale, kan du bli registrert med betalingsmerknad hos kredittopplysningsbyråa.

Ein betalingsmerknad betyr at du blir registrert som dårleg betalar. Dette kan få tyding for om du til dømes får lån, forsikring eller mobiltelefonabonnement. For at opplysingar om deg skal kunne bli registrerte, må inkassobyrået ha kontakta forliksrådet og/eller namsmannen.

Ein månad etter denne kontakten, kan kredittopplysingsbyråa registrere opplysingane i registera sine. Betalingsmerknaden skal slettast omgåande etter at du har gjort opp for deg.

Ein merknad skal som hovudregel same kva ikkje blir brukt lenger enn i fire år. Er du i tvil, eller lurer du på om du er registrert med betalingsmerknad, kan du ta kontakt med kredittopplysningsbyråa. Dei pliktar å opplyse deg om ei eventuell registrering på namnet ditt.

Korleis går du fram for å klage på inkassovarselet?

Klag til kreditor eller inkassobyrået

Viss du meiner at det har vorte gjort ein feil ved inndrivinga frå kreditor eller inkassobyrået, må du først rette klaga mot firmaet du vil stille ansvarleg

Klag skriftleg, og ta kopi av korrespondansen. Nytt gjerne Forbrukarrådets standard klagebrev viss du vil klage.

Klag til Finansklagenemnda Inkasso

Viss du ikkje blir samd med motparten, kan du henvende deg til Finansklagenemnda Inkasso.

Nemnda kan vurdere alle forhold ved framferda til byrået, inkludert berekning av gebyr, tidsfristar og om dei har brote god inkassoskikk.

Merk deg at nemnda ikkje kan ta stilling til om kravet er rettmessig eller ikkje, men berre om inkassobyrået har opptredd riktig ved inndrivinga. Konklusjonen til nemnda er rådgivande, og behandlinga er gratis.

Klag til Datatilsynet

Du kan kontakte Datatilsynet om du lurer på kva rettar du har i samband med registrering av personopplysingar om deg, blant anna betalingsmerknader.

Viss du til dømes meiner at eit byrå ikkje følgjer reglane for registrering av personopplysingar, kan du klage til Datatilsynet. Viss du oppdagar at det uriktig er registrert ein betalingsmerknad hos kredittopplysingsbyrået, bør du fyrst klage direkte og be om at opplysingane blir korrigerte.