Gravferdstenester

Kostnadene ved ei gravferd kan variere mykje. Sjekk fleire byrå og kva du kan gjere sjølv.

Sjekk tilbod frå fleire byrå

Det er mykje som må ordnast i samband med eit dødsfall. Kostnadene ved ei gravferd varierer sterkt frå stad til stad og frå byrå til byrå, og prisen kan bli høg.

Ver merksam på at det kan vere mange tusen kroner å spare ved å forhøyre seg to-tre plassar før ein bestemmer kva for eit byrå ein ønskjer å bruke.

Vurder om du vil gjere noko sjølv

Det er mogleg å ordne det praktiske rundt gravferda, slik som annonsering, val av kiste, bårekøyring, pynting og liknande.

Det er ikkje uvanleg at ein endar opp med å betale mange titalls tusen kroner for tenester knytte til gravferda. Det kan difor løne seg å gjere ein del av jobben sjølv.

Sjekk om du kan få gravferdstønad frå NAV

Du kan søkje om gravferdstønad frå NAV. Stønaden er behovsprøvd og kan givast når den avlidne var medlem av folketrygda.

Gravferdsbyråa er pålagde å gi prisopplysingar

Kundane til gravferdsbyråa er ofte i ein vanskeleg livssituasjon, og det kan opplevast som tungt aktivt å søkje informasjon om prisar. Gravferdsbyråa kan på si side ut frå omsyn til diskresjon og høflegheit velje å vere tilbakehaldne med å informere om kva tenestene kostar.

Med bakgrunn i dette er gravferdsbyråa pålagde å gi opplysingar om pris når du tek kontakt eller ved konsultasjon med pårørande. Denne informasjonen skal òg vera tilgjengeleg på nettsidene til byråa.

Byrået skal oppgje minimum- og maksimumprisar for nærare spesifiserte tenester som er naudsynte for at gravferda blir gjennomført på ein tilfredsstillande måte.

Slik klagar du på gravferdstenester

1. Klag på gravferdsbyrået

Viss du er misnøgd med leveransen frå gravferdsbyrået, bør du du klage til byrået så snart som mogleg. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev

2. Ta saka til Forbrukertilsynet

Viss de ikkje blir samde, kan du ta saka til Forbrukertilsynet.