Møbel

Går sofaen eller senga sund, kan du klage i inntil fem år på feil som skuldast dårleg kvalitet ved produktet.

Kor lenge etter kjøpet kan du klage?

Klagefristen er to eller fem år

Du kan klage i to eller fem år dersom du har kjøpt noko av ein profesjonell seljar (forbrukarkjøpslova). Kor lenge du kan klage, avheng av kor lenge tingen er meint å vare ved vanleg bruk. Sofa er eit eksempel på ei vare med fem års klagefrist. Du har to års klagefrist når du kjøper noko frå ein privatperson (kjøpslova).

Kva skal til for at du kan klage på produktet?

Seljar sitt ansvar

Dersom årsaka til feilen er ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, skal seljaren ordne opp. Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering, i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon.

Ditt ansvar

Dersom du kjende til feilen, eller den skuldast noko du har gjort eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan bruke.

Eksempel på når det kan vere grunnlag for å klage

Møbelet falmar eller endrar utsjånad

Du har grunnlag for å klage dersom møbelet falmar eller endrar utsjånad kort tid etter at det er kjøpt. Dersom stoffet endrar utsjånad etter å ha stått i sollys over tid, eller på grunn av normal slitasje, er det vanskelegare å nå fram med ei klage.

Levert med feil farge

Dersom sofaen ved levering viser seg å ha ein annan farge eller mønster enn det som blei avtalt, kan du krevje å få levert ein ny sofa.

Polstringa fell saman

Ei viss fordjuping i polstringa i ein stol eller sofa er naturleg, men dersom dette skjer raskt, og at fordjupinga blir så stor at ho øydelegg utsjånaden eller sitjekomforten, har du grunn til å klage.

Kan du krevje låneprodukt?

Nokre ting er vanskeleg å unnvere. Du har krav på å få låne ei erstatning av butikken, dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken målt opp mot kva nytte du har av tingen. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke. Ei anna løysing kan vere at du beheld det mangelfulle møbelet inntil du får eit nytt utan feil eller manglar.

Kva kan du krevje dersom møbla ikkje blir leverte som avtalt?

Når det er avtalt leveringsdato

Dersom ikkje møbelet blir levert på avtalt tid, kan du gje seljaren ein ny, rimeleg frist. Dersom seljar heller ikkje greier å levere innan den nye fristen, kan du heve kjøpet.

Når det ikkje er avtalt leveringsdato

Dersom det ikkje blei avtalt tid for levering, har leverandøren ein frist på 30 dagar frå kjøpet blei inngått. Dersom møbelet ikkje blir levert, kan du setje ein ny, rimeleg frist. Blir ikkje denne overhalden, kan du avbestille møbelet. Dersom du har avtalt ein leveringsdato for at sofaen skulle brukast til eit bestemt høve, kan du heve avtalen dersom han ikkje blir levert som avtalt.

Angrerett på varer kjøpt på nett og utanfor butikk

Du har berre angrerett når du handlar utanfor fast utsalsstad, slik som på internett og ved dørsal. Når du handlar i ordinære butikkar, er du prisgitt butikken sine eigne bytereglar. OBS! Samtidig lèt mange butikkar deg få byte eller returnere vara innan ei viss tid dersom du ikkje er nøgd. Dette er ingen lovbestemt rett, men god service frå butikken.

Kan du avbestille når eg har kjøpt møbel i butikken?

Når du ikkje har angrerett, har du likevel rett til å avbestille møbelkjøpet før møbla er leverte. Du kjem likevel i erstatningsansvar overfor butikken, og dette erstatningsansvaret kan ofte bli stort. Avbestilling er derfor ei dårleg løysing, og ein bør unngå å setje seg i ein situasjon der dette blir naudsynt.

Dersom det er avtalt eit avbestillingsgebyr, vil dette vere storleiken på erstatninga som skal betalast ved avbestilling.

Slik går du fram for å klage?

1. Klag til seljar

Dersom du er misnøgd med kjøpet og ønskjer å klage, må du fyrst klage til seljar. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev.

2. Ta saka til mekling

Dersom seljaren avviser klaga di og du er ueinig i avvisinga, eller du ikkje får svar innan svarfristen du har sett, kan du ta saka inn for Forbrukertilsynet.