Val: Store forventningar til forbrukarpolitikken

19. august, 2025

Forbrukarrådet har laga ei partioversikt med forbrukarrettar som tema. Den gir store forventningar for forbrukarpolitikken i perioden som no kjem.

Forbrukarrådet er, sjølvsagt, uhyre oppteken av forbrukarpolitikken i Noreg. Opp mot valet har vi derfor spurt alle dei store partia om standpunkta deira i det vi meiner er dei viktigaste forbrukarpolitiske spørsmåla akkurat no.

– Gjeld og kreditt, barns tryggleik på nett, rettar for leigebuarar, forbrukarars klagemoglegheiter og retten til trygge produkt er alle område der vi ser at det finst problem som må løysast raskt, seier konstituert forbrukardirektør Gunstein Instefjord.

Forbrukarrådet jobbar svært breitt med alt som har med forbrukarrettar å gjere, men i tråd med det som skjer i samfunnet set vi spesielt fokus der vi ser at ein innsats verkeleg trengst.

– Derfor var det viktig for oss å utfordre partia på desse hovudområda. Når valresultatet er klart, er det fleire ting vi forventar at blir tekne tak i raskt – i alle fall no som vi ser at det i mange saker er oppmuntrande brei politisk semje om desse problema, seier Instefjord.

Forbrukarrådet har laga ei fullstendig oversikt over dei politiske partia standpunkta sine i viktige forbrukarspørsmål. Den kan du sjå nærare på her:

Gunstein Instefjord.Foto
Foto: Kjell Håkon Larsen

Tverrpolitisk semje om svært mykje

I oversikta ser vi at det er semje blant norske parti om fleire viktige problemstillingar. Styrking av klagemoglegheitene til forbrukarane, tiltak mot marknadsføring retta mot barn og ein innsats for å hindre gjeldsfeller er berre nokre av temaa der det er grunn til å vente politisk handling.  

– Forbrukarpolitikken i Noreg er fordelt over fleire departement, og problemstillingane hamnar ofte imellom to byråkratiske stolar. Derfor er det veldig gode nyheiter når vi ser tverrpolitisk semje om mange svært viktige forbrukarsaker, seier Instefjord 

Med såpass brei semje tillèt han seg å sjå positivt på utviklinga til forbrukarrettane i neste valperiode.  

– Her verkar det å vere både semje og vilje til å gjennomføre på mange punkt. Så vi ser fram til å sjå tiltaka setjast til verks, uavhengig av kven som dannar ny regjering.

Forbrukarrettar opp på dagsordenen

Forbrukerrettighetene er fastsatt i flere ulike lover, og spenner bredt i det politiske landskapet. At forbrukerspørsmålene synes å stå høyt på agendaen for norske partier i forkant av årets valg – det gleder Gunstein Instefjord. 

Forbrukarrettane er fastsette i fleire ulike lover, og spenner breitt i det politiske landskapet. At forbrukarspørsmåla synest å stå høgt på dagsordenen for norske parti i forkant av valet i år – det gler Gunstein Instefjord.

– Meir krevjande forbrukarmarknader med massiv marknadsføring, nye kjøpsmønster og betalingsløysingar gjer det meir krevjande å ta val som forbrukar. Det er lett å gå seg vill og bli lurt, og det er ikkje like lett å få rett som forbrukar – sjølv om ein har rett. Derfor er det så viktig at dei store forbrukarspørsmåla ikkje blir styrte av særpolitisk omsyn, men blir sette på dagsorden og blir løyste på tvers av dei ulike politikkområda, avsluttar han.

nærbilde av kommunikasjonsrådgiver Maren Struksnæs.Foto

Maren Van Buren Struksnæs

Kommunikasjonsrådgiver – forbrukerrettigheter og digitale spill

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker