Mette Fossum ny direktør i Forbrukerrådet

15. oktober, 2025

Styret i Forbrukarrådet har tilsett Mette Fossum som ny forbrukardirektør. Ho tiltrer innan 1. februar 2026 og etterfølgjer Inger Lise Blyverket.

– Mette Fossum kombinerer innsikt frå forvaltninga med erfaring frå næringslivet og eit sterkt samfunnsengasjement – det gjer henne godt rusta til å leie Forbrukarrådet inn i framtida, seier styreleiar Monica Rolfsen. 

Styret har lagt stor vekt på samfunnsforståing og evna til å leie ein interesseorganisasjon i endring. 

– Den erfaringa Mette Fossum har frå næringslivet gir verdifull innsikt. Ho har lang og omfattande leiarerfaring frå både privat og offentleg sektor, og frå kommunikasjon og medium. Ho vil bidra til at Forbrukarrådet framleis har ein fri og uavhengig plass i samfunnet, seier Rolfsen. 

Mette Fossum.foto
Foto: Sustainability

Fossum kjem frå stillinga som partnar og dagleg leiar i Sustainability AS, og har tidlegare erfaring frå TV 2, TVNorge, Nærings- og handelsdepartementet, Noregs Bank og Rema 1000. Dei siste åra har ho arbeidd med berekraft, rapportering og etterleving av lovverk som Åpenhetsloven, likestillingslova og berekraftsrapporteringsdirektivet (CSRD). 
 
– Eg er takksam for tilliten og gler meg til å ta fatt på arbeidet saman med dei dyktige medarbeidarane i Forbrukarrådet. Dette er ein institusjon med ein stolt tradisjon og ein viktig plass i norsk demokrati. Sidan 1953 har Forbrukarrådet bidrege til tryggleik, rettferd og kunnskap for forbrukarane – og det arbeidet har aldri vore viktigare enn no, seier Mette Fossum. 
 
– Vi lever i ei tid prega av uro og informasjonsflaum, der mange slit med å skilje fakta frå reklame – sant frå usant. Forbrukarrådet skal vere ein tydeleg stemme for forbrukarane når maktbalansen tippar feil veg, seier ho.

Øyvind.kaldestad.foto

Øyvind H. Kaldestad

Fung. kommunikasjonssjef + strømmarkedet

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker