Slutt på grønvasking i lufta
7. november, 2025
Å fly er ikkje berekraftig. No lovar flybransjen å skjerpe kommunikasjonen.
I 2023 gjekk Forbrukarrådet og 21 europeiske forbrukarorganisasjonar saman om ei klage til EU-kommisjonen sitt forbrukarnettverk (CPC-nettverket). Der vart flyselskapa sterkt kritiserte for bruken sin av villeiande klimapåstandar i marknadsføringa.
No har kommisjonen vurdert saka, og kan melde om at flybransjen i stor grad har forplikta seg til å slutte med grønvaskinga.
–Det er veldig gledeleg å sjå at klaga har ført til at bransjen har endra praksis. Å lure forbrukarar til å tru at utsleppa frå flyreiser kan kompenserast med gebyr er openbert ikkje greitt, seier konstituert forbrukardirektør Gunstein Instefjord.
Nasjonale tilsynsstyresmakter i heile Europa vil no følgje tett med på om flybransjen faktisk korrigerer marknadsføringa si, og held det dei lovar.

Fleire problematiske påstandar
17 selskap vart klaga inn til CPC-nettverket. Av dei var det 15 som flaug til og frå Noreg. To av selskapa var ingen andre enn Norwegian og SAS. Forbrukarorganisasjonane var opptekne av at flybransjen måtte slutte å bruke villeiande påstandar som gav forbrukarane eit inntrykk av at det er mogleg å fly klimavennleg.
–Det er ikkje berekraftig å fly, og forbrukarane skal ikkje lurast til å tru noko anna. Flyselskapa har skodd seg på det dårlege klimasamvitet til forbrukarane ved å tilby dei å betale ekstra for «klimakompensering» eller andre grøne avgifter, seier Gunstein Instefjord.
Det var fleire villeiande marknadsføringstriks som vart påpeika i klaga frå 2023, mellom anna:
- Påstandar om at det å betale ekstra kan «erstatte», «nøytralisere» eller «kompensere» for CO2-utsleppa frå ei flyreise. Dette kan ikkje dokumenterast, sidan effekten av frivillige aktivitetar er svært usikre, medan skade forårsaka av CO2-utsleppa frå flyreiser er veldokumentert.
- Flyselskap villeier forbrukarar når dei tek betalte for å bidra til utviklinga av «berekraftig flydrivstoff». Slikt drivstoff er ikkje marknadsklarert. Det betyr at inntil slikt drivstoff vil vere langt meir tilgjengeleg – mot slutten av 2030-talet – vil det i beste fall berre representere ein liten del i drivstofftankane til flya.
- Å antyde at flyreiser kan vere «berekraftige», «ansvarlege» og «grøne» er villeiande. Ingen av strategiane som blir brukte av luftfartssektoren er i dag i stand til å forhindre klimagassutslepp.
SAS nøler
Dei aller fleste flyselskapa har forplikta seg til å slutte med ei rekkje problematiske påstandar. Men blant dei som ikkje klarer å love endring finn vi SAS.
–Flyselskapet finn det tydelegvis utfordrande å binde seg til å slutte med grønvasking. To og eit halvt år etter at vi klaga dei inn dreg dei framleis beina etter seg, og har enno ikkje rydda opp i openberr grønvasking dei fleste selskapa har klart å fikse, seier Gunstein Instefjord.
Øyvind H. Kaldestad
Fung. kommunikasjonssjef + strømmarkedet