
Årsrapport 2024
Høydepunkter
Aktiviteter og resultater
Satsninger
Vårt fokus i 2024
Last ned
Hele årsrapporten (PDF)

Forbrukarane treng ei sterk stemme som tryggjer rettane deira. Større økonomiske skilnader gjer fleire sårbare og krev eit sterkt forbrukarvern, ikkje minst i krisetider, som vi på fleire måtar står i. Denne sterke stemma er Forbrukarrådet sett til å vere – gjennom å vere ein synleg, tydeleg og uavhengig interessepolitisk aktør som arbeider for forbrukarrettar, fremjar forbrukarperspektivet og legg til rette for at folk kan bruke forbrukarmakta si.
I 2025 vil Forbrukarrådet sikre forbrukarrettane ved bruk av kunstig intelligens og arbeide for ein trygg digital kvardag for både barn og vaksne. Forbrukarane skal vere i sentrum for ein sirkulær økonomi og ha verktøy for å leve meir miljøvenleg. Og forbrukarane skal bli mindre sårbare og lettare kunne unngå økonomiske fallgruver. Alt skal byggje på innsikt om forbrukarane, slik at dei får hjelp der dei er, og når dei treng det. Ikkje minst gjeld dette unge forbrukarar, som har fått særleg merksemd det siste året, både i Forbrukarrådet og her i årsrapporten.
Forbrukarrådet har ein ambisjon om å etablere ein tydeleg forbrukarpolitisk agenda i Noreg, og mange nye samarbeid skal undersøkjast og utviklast. Og ikkje minst arbeider Forbrukarrådet for å gjere det mykje enklare og tryggare å vere ung forbrukar.
