Årsrapport 2025
Forord frå forbrukardirektøren
Forbrukarvern og forbrukarpolitikk handlar om å trygge menneske både i vanskelege situasjonar og mot vanskelege situasjonar. Det handlar om tryggleik, tillit og vern. Behovet for ei sterk forbrukarstemme er kanskje viktigare enn nokon gong. Større økonomiske skilnader gjer fleire sårbare, og globale teknologigigantar har stor makt. Data om oss sjølve er ei handelsvare, og det er nær umogleg å ha kontroll på eigne personopplysningar. Misbruk av slike opplysningar gjer det mogleg med manipulering, svindel og overvaking i stor skala. Forbrukarane må forhalde seg til manglande kundeservice, og når regelverket ikkje blir handheva, er det vanskeleg for forbrukaren å få rett når hen har rett.
Dette pregar oss gjennom dei mange e-postane og telefonane vi får frå forbrukarar kvar dag. Og det gir retning for arbeidet vi gjer som ein uavhengig interessepolitisk aktør som arbeider for forbrukarrettar, fremjar forbrukarperspektivet og legg til rette for at folk kan bruke forbrukarmakta si.
I denne årsrapporten har vi gjort greie for korleis oppdraget er løyst i 2025. 2025 var det siste året for verksemdsstrategien 2021–2025. I 2025 løfta vi på nytt blikket høgare, og vi laga ein ny strategi mot 2030. Økonomisk tryggleik, overgangen til eit meir berekraftig samfunn og ein trygg digital kvardag styrer framleis prioriteringane til Forbrukarrådet. Men strategien er òg prega av ei erkjenning av at vi ikkje kan ta dei etablerte forbrukarrettane for gitt. Grunnleggjande forbrukarrettar er under press og må både forsvarast og bevarast. Handheving av lover er òg kritisk fordi det sikrar at reglane i samfunnet blir følgde, og at vi opprettheld rettstryggleiken og tilliten. Gjennom rettsavgjerder blir reglane tolka og gjorde føreseielege. Utan effektiv handheving mistar lovene meining, noko som undergrev samfunnsordenen og forbrukarvernet.
Forbrukarrådets ambisjon for strategiperioden er «Trygge forbrukarar». Ein trygg forbrukar er godt verna av lover og reglar, kan klage effektivt, møter sikre produkt i rettferdige marknader, er godt informert om rettane og pliktene sine og kan ta opplyste val. Trygge forbrukarar veit kvar dei skal finne informasjon, verktøy og digitale tenester, og kvar dei skal vende seg for å få hjelp og rettleiing.
Årsrapporten er den formelle meldinga til Barne- og familiedepartementet (BFD) om korleis Forbrukarrådet har brukt løyvinga over statsbudsjettet dette året. Rapporten presenterer verksemda og resultata i året som har gått, og skal fungere som grunnlagsdokument for BFD i styringa av Forbrukarrådet. Årsrapporten for 2025 er strukturert etter rapporteringskrava frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) med supplerande krav frå BFD.