Forside > Klagebrev > Eg krev utbetring reparasjon og erstatning for ekstrautgifter

KLAGEBREV TIL SELGER

Eg krev utbetring reparasjon og erstatning for ekstrautgifter

Eg krev utbetring/reparasjon og erstatning for ekstrautgifter

Du må selv skrive ut brevet, signere det og sende det til motparten. Husk å ta vare på en kopi av brevet.

Klage på reparasjon av køyretøy med registreringsnummer

. Eg viser til den ovannemnde reparasjonen utført av dykkar verkstad og ønskjer med dette å reklamere.
Etter mi meining er tenesta mangelfull. Grunnen til det er:
. På bakgrunn av det krev eg at de utbetrar mangelen så snart som råd er, og utan at det kostar meg noko, jf. handverkartenestelova § 24.


I tillegg krev eg erstatning på kr
,-, for dei faktiske utgiftene eg har hatt som følgje av mangelen, jf. handverkartenestelova § 28. Kopi av dokumentasjon på utgiftene er lagd ved.

På grunn av mangelen sin art og omfang gjer eg merksam på at det kan bli nødvendig å engasjere ein annan verkstad for å få han utbetra. Eg kjem i så fall til å krevje erstatning for kostnadene det påfører meg. Det gjeld òg om de avviser reklamasjonen min eller ikkje svarer på han.
Eg ber om at de tek stilling til reklamasjonen min med det aller første og gir meg ei tilbakemelding innan 14 dagar frå dags dato. Dersom eg ikkje høyrer frå dykk innan fristen, eller får ei tilbakemelding som eg ikkje kan akseptere, vil eg vurdere å sende saka over til Forbrukarrådet eller Forliksrådet for å få henne behandla vidare der.

Brevet kan lastes ned i pdf-format. For å lese dette trenger du en pdf-leser (f.eks. Acrobat Reader som kan lastes ned gratis fra Adobe). Opplysninger du skriver i dette skjemaet sendes kryptert til Forbrukerrådet og blir ikke lagret, logget eller videreformidlet.