Utanforskap i forbrukarmarknadene
6. januar, 2023
Digitale og andre hindringar som står i vegen for at forbrukarane kan kjøpe varer og tenester
Funna i undersøkinga til Forbrukarrådet tilseier at om lag 200 000 personar i Noreg ikkje disponerer BankID (4 prosent), og at omtrent like mange manglar smarttelefon (5 prosent).
Anslagsvis 360 000 personar over 16 år disponerer ikkje Vipps (9 prosent). Det er aktørar i finansbransjen som eig og forvaltar BankID og Vipps, og dei må mellom anna rette seg etter kvitvaskingsregelverket. Ein stor andel av dei som opplyser at dei ikkje bruker digitale verktøy for å kjøpe eller skaffe seg noko, gjev opp som hovudgrunn at dei manglar nettilgang der dei bur og handlar. Dette gjelder mellom anna 16 prosent av dei som ikkje nyttar BankID.