Forbrukerrettigheter

Ein av to nordmenn kan tenke seg å få brukte julegåver

6. desember, 2022

Ei fersk undersøking viser at annankvar nordmann gjerne tek imot brukte julegåver. Legg du heile eller delar av julegåvehandelen til bruktmarknaden gjer du både lommeboka og miljøet ei teneste, meiner Forbrukarrådet, som samtidig understrekar: Du har rettar ved bruktkjøp òg.

Julegave som innholder ski.Foto
Like fin julegåve, berre billigare og meir sirkulær. Foto: Forbrukerrådet

48 prosent av nordmenn svarer ja på spørsmålet om dei kunne tenke seg å få brukte julegåver til jul. Det viser Forbrukarrådets Yougov-undersøking frå desember i år. Det kan vere lurt å ha i bakhovudet når julegåvehandelen i desse dagar startar for fullt. 

Kjøp brukt, spar pengar og miljø

— Julegåvehandelen kan bli vesentleg rimelegare for deg dersom du legg heile eller deler av julegåvehandelen til bruktmarknaden. No som mange av oss slit med auka utgifter, kan eit par brukte julegåver spele godt på lag med økonomien din, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet. 

Forbrukarrådet jobbar for ein meir sirkulær økonomi, der det skal bli mindre bruk-og-kast. Om du legg nokon brukte julegåver under treet i år speler du óg på lag med miljøet, seier Blyverket. 

— Ikkje berre blir julegåvehandlinga vesentleg rimelegare, du sparer òg miljøet ved å ikkje berre kjøpe splitter nye ting. Gir du bort brukte gåver i år sparer du både miljø og lommebok, seier Blyverket.

Forbrukerdirektør Inger Lise Blyverket.Foto
Verkar ikkje julegåva du kjøpte brukt frå Finn? Da kan du krevje å få pengane tilbake frå seljar, seier Inger Lise Blyverket. Foto: Forbrukerrådet

Dine rettar ved bruktkjøp

I same undersøking kjem det fram at noko færre, 31 prosent på landsbasis, kunne tenke seg å gi bort brukte gåver. 

Om du er student, elev eller lærling er sjansen større for at du kunne tenke deg å både gi og få brukte julegåver. 41 prosent svarer at dei kunne tenke seg å gi bort brukte julegåver, medan heile 68 prosent svarer at dei gjerne finn brukte julegåver under treet med sitt namn på lappen.

Dersom fleire visste at ein faktisk har rettar ville tala kanskje vore høgare, meiner Blyverket. 

For du har rettar – óg når du kjøper brukt:

— Du har faktisk to års klagefrist når du kjøper noko brukt frå privatpersonar på bruktmarknadsportalar, som Finn.no eller Tise. Seljaren må halde avtalen og det som er lova, og varet skal vere som du kan forvente deg, seier Blyverket. 

Det betyr til dømes at:

  • Du kan krevje å få pengane tilbake dersom den brukte mobiltelefonen du kjøper til onkel ikkje går an å ringe med
  • Du kan krevje å få pengane tilbake dersom sofaen du kjøper brukt har store svimerke som ikkje kjem fram av bileta i annonsen 
  • Du kan krevje å heve kjøpet og få pengane tilbake ved store forseinkingar.

Podkast-episode om rettar ved bruktkjøp

Vi har vigd ein heil episode av podkasten vår Life hacks til tematikken, og den kan du høyre her:

Les meir om tips og kva du har krav på ved bruktkjøp frå privatpersonar her.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker