Mat

Forbrukarrådet testar frukostblandingar

8. november, 2022

Kake til frukost? Forbrukarrådet sin test av frukostblandingar avdekkjer eit enormt sprik mellom produkta. Om frukosten din blir veldig sunn eller temmeleg usunn, vert bestemt av kva for ei frokostblanding du vel. — Ernæringsmessig er dette som natt og dag, seier Aysha Grönberg, seniorrådgjevar og ernæringsfysiolog i Forbrukarrådet.

Oversiktsbilde av åtte forskjellige frokostblandinger som er testet.
Forbrukarrådet har testa 25 ulike frukostblandingar og vi ser store skilnadar i næringsinnhald blant produkta. 

Les heile testen her.

Testvinnarane inneheld ikkje noko eller lite sukker, og mykje fiber. Medan testtaparane har haugevis av sukker, og lite fiber. Ein av frukostblandingane inneheld faktisk meir sukker enn muffins, og er smart å styre unna om du ynskjer ein sunn start på dagen. 

Ingen sukker i testvinnaren

Produktbilde av Coop Puffet Havre
Coop puffet havre inneheld 100 prosent fullkorn, ikkje noko sukker og ok mengde fiber.

Dei tre sunnaste frukostblandingane er First Price Puffet havre 100% fullkorn, Coop puffet havre og Tau Mølle Puffet havre. Dei består av 100 prosent fullkorn, har eit greit innhald av fiber og inneheld ingen eller svært lite sukker. Innhaldet av salt er òg lavt.

Ynskjer du ein sunn start på dagen er ein av desse frukostblandingane et godt val. 

I tillegg er desse produkta billegare samanlikna med Weetabix original og Quaker Havre fras, som og får 10 poeng. Desse har begge eit lavt sukkerinnhald og ein høg andel fullkorn. 

Lite fiber og mykje sukker i testtaparane

Produktbilde av testtaperne.
Styr unna desse frukostblandingane om du ynskjer ein næringsrik start på dagen.

På delt sisteplass i testen finn vi to frukostblandingar fra Kellogg’s: Kellogg’s Tresor og Kellogg’s Froot loops. Begge produkta inneheld svært mykje sukker, svært lite fiber og ikkje noko fullkorn. Dersom du er oppteken av å spise ein sunn frukost er det altså lurt å styre unna desse.

Seks Kellogg’s-produkt i botn

Dei seks minst sunne produkta kjem alle frå Kellogg’s. Forutan testtaparane Tresor og Froot loops, havnar og Coco Pops, Cornflakes, Smacks og Coco Pops Chocos lengst ned på lista. 

Dei fleste av desse inneheld mykje sukker, lite fiber og ikkje noko fullkorn. Klassikaren Cornflakes har lite sukker, men er til gjengjeld den frukostblandinga med mest salt. 

Kake til frukost: — Ernæringsmessig som natt og dag

— Ser vi på næringsinnhaldet i dei ulike frukostblandingane er det som dag og natt, seier seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Aysha Grönberg, som har doktorgrad i ernæring.

Bilde av ansatt: Aysha Hussain
Aysha Grönberg. Foto: Ole Walter Jacobsen

Frukostblandinga Kellogg’s Smacks inneheld 34 gram sukker per 100 gram. Det er meir sukker enn det er i ein muffin (for eksempel Dobbel Sjokolade fra Aunt Mabels, som inneheld 25 gram sukker per 100 gram), og er ikkje ein næringsrik start på dagen.

— Ein del av frukostblandingane i denne testen inneheld altfor mykje sukker, noko born ikkje treng nok ei kjelde til. Skal du gi borna frukostblanding så anbefaler eg eit av produkta som kjem på topp i denne testen, seier Grönberg.

Ho presiserer at det finnast unntak dersom du har barn som er sjuke eller småspiste. 

— Då kan sjølv dei blandingane med sukker gi bra påfyll av energi, seier Grönberg. 

Produktbilde av Kellog smacks.Foto
Sukkerbombe: Kellogg’s Smacks er frukostblandinga med mest sukker i testen.

Prangande sukkerbomber

Enkelte av frukostblandingane har ein design som lett fangar barn og unge sine blikk, og markedsføringa bør regulerast i større grad, i følgje Grönberg.

— Det er vekkjer uro at dei minst sunne produkta har pakningar med fargerike figurer og eit uttrykk som har meir appell til born enn vaksne. Her meiner vi at regelverket som skal verne born og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke framleis ikkje er streng nok, seier Grönberg.

Start dagen med fiber

Startar du dagen med en fiberrik frukost, vil dette gi eit stabilt blodsukker resten av dagen. Dette er positivt både for prestasjon, overskot, fordøying, vekt og helse. Fiber gir deg ein god fordøying, det kan redusere kolesterolet, og gir ei god kjensle av å vere mett.

Er du ein av dei som brukar å spise brød eller knekkebrød til frukost, så er det lurt å gå for dei grovaste sortane. Det samme gjeld frukostblandingar. Vel dei med mest mogleg fiber og fullkorn. 

Les heile testen her

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

pressebilde av Aysha Grönberg.foto

Aysha Grönberg

Seniorrådgiver og ernæringsfysiolog

Om testen

I testen har vi sett på kor mykje sukker, fiber, protein, salt og fullkorn frukostblandingane inneheld.

Mykje sukker og salt har trukket ned, mens mye protein, fullkorn og fiber drar opp. Vi har latt fiber, sukker og fullkorn telle dobbelt, ettersom dei fleste får i seg for mykje sukker og for lite fiber og fullkorn.

Produkta er rangert i forhold til kverandre. Det betyr at dei sunneste får 10 poeng og dei minst sunne får 1 poeng. 

Testene er gjennomført av BraMat AS i samarbeid med Forbrukarrådet. 

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker