Selskap gjer seg skuldig i lovbrot mot forbrukarar utan konsekvensar

12. februar, 2026

I dag er det tilnærma risikofritt for useriøse selskap å bryta marknadsføringslova. Forbrukarrådet ber no regjeringa la Forbrukartilsynet gi sanksjonar utan å måtta rettleia aktørane først.

Forbrukartilsynet er i dag pålagt å rettleia næringsdrivande som blir teke i å bryta marknadsføringslova. Viss aktørane rettar seg etter rettleiinga, blir saka lagd bort. Tilsynet kan heller ikkje krevja at selskapa betaler tilbake det dei har tent på lovbrota. Konsekvensen er at næringsdrivande kan bryta forbrukarlovgivinga med svært låg risiko.

– Forbrukarvernet er lite verdt om det ikkje kan sanksjonerast. Me ber no regjeringa sørgja for at Forbrukartilsynet kan føra effektivt tilsyn, og at det faktisk svir å bryta lovverket, seier direktør Mette Fossum i Forbrukarrådet.

– Når tilsynet alltid må gi individuell rettleiing, er det tilnærma risikofritt for useriøse aktørar å bryta lova. Dette gjeld også ved grove lovbrot som rammar sårbare grupper eller mange forbrukarar.

Portrettfoto av Mette Fossum.foto
Forbrukerdirektør Mette Fossum. Foto: Helen Mehammer/Forbrukerrådet

I perioden 2023–2025 har berre fire selskap fått endelege vedtak om bot (tvangsmulkt og straffegebyr) etter behandling i Forbrukartilsynet og Marknadsrådet. Dei samla bøtene utgjer 3,6 millionar kroner, noko som er svært beskjedent sett i lys av storleiken på marknaden og det store talet aktørar under Forbrukartilsynets tilsyn.

Viktig at Forbrukartilsynet kan ta sakene til retten

Forbrukartilsynet er også forhindra frå å ta saker som blir overprøvde i Marknadsrådet vidare i rettssystemet. Dette står i motsetning til Konkurransetilsynet, som har vorte gitt denne moglegheita.

– At næringsdrivande kan ta saka til retten, medan tilsynsmakta ikkje har same moglegheit, inneber ein uforsvarleg skeivskap. Denne skeivskapen kan over tid hòla ut rettane til forbrukarane i Noreg, seier Mette Fossum.

– Det er heller ingen garanti for at Marknadsrådet alltid gjer rette vedtak. Feil avgjerder kan dermed bli ståande og skapa uheldig presedens.

Flere selskaper bryter loven ustraffet

Døme dei siste åra viser problemet tydeleg. I mars 2025 gav Forbrukartilsynet vekebøter på 2,5 millionar kroner til Onepark, APCOA Norway og Aimo Park. Dette vart oppheva av Marknadsrådet utan at tilsynet kunne ta saka vidare.

Diamond Dental lokka i perioden 2023–2025 mange forbrukarar med abonnementsfeller. Sjølv om brota var klare, måtte tilsynet rettleia selskapet før det var mogleg å gi gebyr. Tilsvarande har Kitch’n fleire gonger brote marknadsføringslova under Black Week utan å få gebyr, fordi sakene ikkje var identiske med tidlegare regelbrot.

– Det gjer også at Forbrukartilsynet må bruka uforholdsmessig mykje ressursar på oppfølging. Hadde tilsynet hatt høve til å gi sanksjonar direkte, kunne dei statuerte eit døme og stoppa ulovleg praksis raskare, seier Mette Fossum.

Øyvind.kaldestad.foto

Øyvind H. Kaldestad

Digitale rettigheter og strømmarkedet

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker