Bærekraft

Test av kylling- og kalkunpålegg: Rimeleg testvinnar frå Prior

8. februar, 2023

Kylling- og kalkunpålegg er blant dei sunnaste pålegga du kan leggje på brødskiva. I Forbrukarrådets test av kylling- og kalkunpålegg fann vi ein testvinnar som skårar høgt på det meste som er bra: Høg del kalkun, mykje protein og lite metta feitt. Den er også blant dei billigaste i testen.

Illustrasjonsfoto: Nærbilde av en brødskive med kalkunpålegg og salat.foto
Foto: Adobe Stock

Kylling- og kalkunpålegg blir ofte anbefalt som pålegg på brødskiva, med god grunn. Kylling og kalkun er magre og sunne alternativ til andre typar kjøttpålegg, til dømes salami.

Det er likevel ein forskjell i både pris, saltmengd og næringsinnhald. Det viser Forbrukarrådets test av kylling- og kalkunpålegg.

Rimeleg testvinnar

Testvinneren er Prior Naturell kalkunfilet med 10 poeng og full pott. Den inneheld 88 prosent kalkun, mykje protein og lite metta feitt. Med ein kilopris på rundt 272 kroner er han dermed også eit av dei billigaste produkta i testen.

Produktfoto av testvinner fra Prior - naturell kalkunfilet.foto
Naturell kalkunfilet fra Prior

Fleire av Solvinges produkt gjer det også godt i testen vår.

Mindre kylling og kalkun til vesentleg stivare pris hos testtaparane

Nedst på lista, finn vi Prior krydder kalkunskiver, Lerstang gard kyllingfilet krydra og Lerstang gard kyllingfilet krydra – alle med fem av ti poeng kvar.

Produktfoto av testtaperne. Kyllingfilet med og uten krydder fra Lerstang Gård og Priors krydderkalkunskiver.foto
Hhv. krydra og naturell kyllingfilet frå Lerstang gård og Priors krydderkalkunskiver.

Desse produkta inneheld mindre protein og meir metta feitt samanlikna med dei andre produkta. Pålegga frå Lerstang har også det lågaste innhaldet av kylling/kalkun (79 prosent), i tillegg til at dei er blant dei dyraste produkta.

Faktisk kostar Lerstang-produkta 60 prosent meir (435 kroner per kilo) enn testvinnaren (272 kroner per kilo).

— Openbert val om pris er viktig

Aysha Grönberg, ernæringsfysiolog og seniorrådgivar i Forbrukarrådet, seier kylling- og kalkunpålegg er eit godt val om du går for kjøttpålegg på brødskiva.

— Kylling og kalkun er i all hovudsak gode og sunne påleggsalternativ, men om pris er viktig for deg, og du er på utkikk etter eit rimeleg og sunt produkt er testvinnaren frå Prior det openberre valet, seier Grönberg.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Om testen

I denne testen har vi samanlikna ei rekkje pålegg laga av kylling og kalkun som er å finne i dei største matvarebutikkane.

For å gjere ei ernæringsmessig vurdering av produkta, har vi sett på innhald av metta feitt, protein, sukker, salt og del kjøtt.

Ein høg del kjøtt og protein har trekt opp, medan innhaldet av salt, metta feitt og sukker har trekt ned.

Prisane er frå februar 2023. Desse kan endre seg, så sjekk prisen sjølv før du kjøper – det kan vere ein god del å spare på ein ekstra prissjekk.

Dei oppgitte prisane er per kilo. Kilopris gir eit meir korrekt bilete av kva eit produkt kostar, og gjer det lettare å samanlikne ulike produkt.

Testen er gjennomført av BraMat AS i samarbeid med Forbrukarrådet.

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker