Konkurs

Du kan krevje tilbake det eit konkursbu skuldar deg, men du hamnar truleg ikkje fyrst i køen.

Kva gjer du når seljar går konkurs?

Dersom eit firma ikkje klarer dei økonomiske forpliktingane sine, kan selskapet bli slått konkurs. Eit konkursbu tek over styringa og skal fordele verdiane som er igjen. Når det er gjort, er det ikkje lenger mogeleg å fremje nye krav.

Konkursane blir kunngjorde i Brønnøysundregistera. Her vil det stå kor du skal vende deg dersom du vil krevje noko, og innan kva tidspunkt du må gjere det. Det er svært viktig at du held den fristen.

OBS! Ver likevel klar over at for forbrukaren er det ofte ikkje noko å hente i konkursbuet.

Andre du kan gå til for å få pengane igjen

Feil ved vara?

Dersom du vil klage på ei vare, og seljar er konkurs, kan du klage til førre seljar, leverandør eller produsent, så lenge du er innanfor reklamasjonsfristen.

Dersom firmaet var eit enkeltmannsføretak, kan eigaren sjølv bli personleg ansvarleg. Du kan klage til Forbrukertilsynet eller gå til forliksrådet.

Betalt med kredittkort

Har du betalt med kredittkort, gir finansavtalelova deg vern. Den som har gitt deg kreditt (som oftast banken), blir ansvarleg dersom seljaren av ei vare eller teneste går konkurs, og du har eit rettmessig krav mot seljaren. Hit kan du vende deg både ved ein reklamasjon, eller dersom du ikkje har motteke vara du har betalt for.

Les meir om rettane dine når du har handla på kreditt:

Pakkereise

Har du kjøpt ei pakkereise, har du eit ekstra vern ved konkurs. Pakkereiser omfattar både tradisjonelle charterturar, og arrangement som inneheld minst to av desse elementa: transport, losji og «anna turistteneste», som for eksempel billettar til kulturelle framsyningar eller idrettsarrangement.

Alle norske turoperatørar må vere med i reisegarantifondet, som sikrar deg for eksempel heimreise dersom flyselskapet du skulle på pakkereise med, går konkurs. Les meir om rettane dine ved kjøp av pakkereise:

Har du kjøpt for eksempel berre ei flyreise, og betalt direkte til selskapet, er dessverre pengane truleg tapt. Men du har moglegheiter dersom du har betalt med kredittkort (sjå over).

Konkurs byggmeister

Byggjer du ein bustad eller kjøper ein bustad under oppføring, skal entreprenøren setje av pengar som ein garanti. Den skal dekkje feil for opptil ti prosent av kjøpesummen. Etter overtaking kan summen vere nede i fem prosent. Garantisummen skal stå i fem år, uavhengige av om entreprenøren er konkurs eller ikkje.