Har du kjøpt vara eller tenester på kreditt, har du ekstra tryggleik gjennom finansavtalelova (paragraf 54b). Særleg verdifull er lovas forskrift om at kredittgjevar (i hovudsak banken) har same ansvar som seljar.
Dette gjev ekstra tryggleik blant anna dersom
Ved kjøp med debitkort
Visa og Mastercard praktiserer òg dei same rettane ved bruk av debetkort. Du kan dermed klage til banken din på vara og tenester som er kjøpt med vanlig debetkort også.
For debetkort er prosessen frem mot refusjon meir komplisert, samt at bankane ofte har korte klagefristar. Det er viktig at du kontaktar banken din så snart seljaren har avvist ditt krav.
Dersom det er feil og manglar på varer og tenester – og seljar ikkje evnar å ordne opp, kan du rette kravet til kredittgjevar, som stort sett er banken din. Ver samstundes merksam på at det er fire moment som må vere på plass:
Kravet til banken må vere likt det du har overfor seljar, og kan berre vere pengekrav. Du kan altså ikkje krevje at banken skal reparere vaskemaskina di, men du kan få dekt utgifter i samband med at ein reparatør utbetrar mangelen.
OBS! Bankane har ofte korte reklamasjonsfristar, så det er viktig at du tek kontakt med banken din så fort du mistenker at noko er feil.
Kredittgjevaren er banken eller finansinstitusjonen som har gjeve deg kreditt. Reint praktisk vil kredittgjevar som oftast vere det selskapet som har utferda kredittkortet. Har du til dømes eit Nordea Mastercard, er Nordea kredittgjevaren.
Du bør klage skriftleg, og leggje ved nødvendig dokumentasjon, til dømes kopiar av kvitteringar og tidlegare korrespondanse med seljar. Dette bidreg til å få fortgang i prosessen, og det gjer det òg lettare i ettertid å dokumentere at du har klaga til kredittgjevar, dersom det skulle bli spørsmål om du har klaga i tide.
Dersom du ikkje blir samd med kredittgjevar, kan du klage inn saka til Finansklagenemnda.