Ber digitaliseringsministeren styrke Noregs digitale suverenitet
23. juni, 2026
Tekna, Forbrukarrådet og NITO overleverte i dag ei rekkje tilrådingar til digitaliseringsminister Karianne Tung om korleis vi kan styrke den digitale suvereniteten i Noreg.
Offentleg sektor er i dag langt på veg låst inne av teknologigigantane. Dette gjer offentleg sektor sårbar for mellom anna prisaukar, endringar i funksjonalitet og ulike tryggingstruslar.
Tekna, Forbrukarrådet og NITO overleverte i dag ei rekkje anbefalingar om korleis vi kan oppnå større digital fridom, noko som også vil smitta over på forbrukarmarknaden.
– Når offentleg sektor vel løysingar frå teknologigigantane, finansierer vi også selskap som gong på gong har vist at dei gir blaffen i grunnleggjande forbrukarrettar, seier forbrukardirektør Mette Fossum.
– Bindinga til teknologigigantane inneber samtidig at offentleg sektor ikkje bidreg til å finansiera andre tenestetilbydarar. Dette gjer det vanskeleg for leverandørar som faktisk respekterer rettane våre å lykkast.

Anbefalingane frå organisasjonane handlar om å stimulere teknologisektoren ved å krevje at offentleg sektors anskaffingar vektlegg open kjeldekode og løysingar som bygger på opne standardar, interoperabilitet og portabilitet.
– Vi ser at land som Danmark og Frankrike har tatt grep for å frigjere seg frå teknologigiganten. Frå Danmark kom nettopp nyheita om at over ein million lærarar er flytta over på ein open source-plattform, seier Mette Fossum.
– Dagens usikre verdsbilete gjer at det hastar å ta dei første stega for å flytte makta bort frå teknologigigantane og styrke og utvikle tenester baserte på demokratiske prinsipp som openheit og valfridom, og som varetek forbrukarrettane.
Øyvind H. Kaldestad
Digitale rettigheter og strømmarkedet