Forbrukarrådet sitt styre har det overordna ansvaret for både den forbrukarpolitiske og den administrative leiinga av organisasjonen.

Styret skal sørgje for at Forbrukarrådet blir driven på den mest formålstenlege og effektive måten.

Styret skal:

  • trekkje opp hovudlinjene, gjere strategiske avgjerder og vedta planar for Forbrukarrådet sitt arbeid
  • behandle aktuelle forbrukarpolitiske saker og spørsmål
  • godkjenne budsjettforslag for Forbrukarrådet sitt arbeid, og fremje budsjettinnspel overfor departementet
  • gjere avgjerder om drifta av Forbrukarrådet
  • ha ansvar for resultatoppfølging og føre kontroll med bruk av midlar og inntektstilgang i forhold til budsjettet
  • rapportere i samsvar med økonomireglement for staten og instruks fastsette av departementet
  • avgje årleg rapport frå verksemda i form av ei årsmelding

Medlemar i styret

Anne Kathrine Slungård
Leiar
Rådmann i Stjørdal kommune

Silje Ask Lundberg
Medlem
Leiar av Norges Naturvernforbund

Jarle Oppedal
Medlem
Ansattrepresentant

Vigdis Anita Gåskjenn
Nestleiar
Administrasjons- og økonomidirektør ved Chr. Michelsens Institutt

Atle Hamar
Medlem
Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet

Karen Marie Hartmark Steenberg
Varamedlem
Jurist og seniorrådgiver i Økokrim

Monica Molvær
Medlem
Leiar Ålesund Sentrumsforening

Kjell Jostein Sunnevåg
Medlem
Direktør eksterne relasjoner, Konkurransetilsynet

Åse Marie Fulke
Varamedlem
Pensjonist, tidlegare seksjonssjef i Mattilsynet, førsteamanuensis BI