Frisør


Ver tydeleg på kva du ønskjer før frisøren går i gang. Er du
misnøgd, bør du ta det opp med ein gong.

Sjekk vilkåra

Check
Nei

Før du bestiller time, bør du sjå kva for vilkår som gjeld. Kor seint kan du avbestille? Må du då betale eit gebyr? Få totalprisen, og pass på at eventuell vask og føn er inkludert. Dreier det seg om ein større jobb, som til eit bryllaup, bør du få prisen skriftleg. Kjenner du til nokre allergiar frisøren bør ta omsyn til, er det viktig at du seier ifrå på førehand.

Sjekk prisen

Check
Nei

Det er store prisskilnader mellom frisørar. Og skal du gjere noko avansert, kan det vere mykje å spare på å sjekke prisane. Du bør finne dei enkelt på nettsida til salongen. Vil du spare nokre kroner, kan du ofte velje å gå til ein lærling. Pass uansett på at dei har erfaring med behandlinga du ønskjer.

Sjekk andres erfaringar

Check
Nei

Det lønner seg òg å sjekke andres erfaringar med frisørar ved å gjere eit nettsøk og spørje venner om dei vil tilrå nokon. Du kan undersøkje om alt lèt til å vere i orden med drifta i Brønnøysundregistera. For å sikre deg mot at du betaler for svart arbeid, kan du følgje råda på handlehvitt.no.

 

Kom med ei tydeleg bestilling

Check
Nei

Ver så tydeleg på kva du ønskjer som mogeleg. Kanskje du kan vise fram eit bilete av frisyren du ønskjer. Viss du ber om å få ein moderne klipp, kan det hende de har ulike oppfatningar om kva det inneber så ver så konkret du kan.

Lytt til råda til frisøren. Frisøren er ekspert, og veit noko om kva som kler ulike andletformer, og kva som lèt seg gjere. Har frisøren åtvara om at du neppe får resultatet du ser for deg med hårtypen din, kan du få problem med å klage på det etterpå.

 

Slik klagar du på frisøren

Svar
Nei

1. Klag til frisøren

Viss du ser undervegs at det ikkje vart som du hadde tenkt deg – si ifrå. Frisøren vil òg at du skal bli fornøgd, og det er no det er enklast å fiksa på det. Gi uansett beskjed så snart du veit at du er misnøgd. Då kan du reklamere på klippen, og frisøren skal prøve å rette den opp utan at du må betala meir. Viss du prøver å ordne opp sjølv, eller slepp til ein annan frisør, kan du miste reklamasjonsretten din. Prisavslag kan òg vera eit alternativ.

Viss de ikkje blir samde, bør du sende Forbrukarrådets klagebrev til salongen. Dokumenter gjerne med bilete, og be om svar innan 14 dagar.

Klagebrev til frisør

 

2. Ta saka til Forbrukarrådet

Viss du ikkje kjem til semje med frisøren, kan du ta saka til Forbrukarrådet.

Ta saka til Forbrukarrådet for mekling