Det er mykje som må ordnast i samband med eit dødsfall. Kostnadene ved ei gravferd varierer sterkt frå stad til stad og frå byrå til byrå, og prisen kan bli høg.
Ver merksam på at det kan vere mange tusen kroner å spare ved å forhøyre seg to-tre plassar før ein bestemmer kva for eit byrå ein ønskjer å bruke.
Du kan sjølv melde frå om dødsfallet. Det er også mogleg å ordne det praktiske rundt gravferda, slik som annonsering, val av kiste, bårekøyring, pynting og liknande.
Det er ikkje uvanleg at ein endar opp med å betale mange titalls tusen kroner for tenester knytte til gravferda. Det kan difor løne seg å gjere ein del av jobben sjølv.
Du kan søkje om gravferdstønad frå NAV. Stønaden er behovsprøvd og kan givast når den avlidne var medlem av folketrygda.
Kundane til gravferdsbyråa er ofte i ein vanskeleg livssituasjon, og det kan opplevast som tungt aktivt å søkje informasjon om prisar. Gravferdsbyråa kan på si side ut frå omsyn til diskresjon og høflegheit velje å vere tilbakehaldne med å informere om kva tenestene kostar.
Med bakgrunn i dette er gravferdsbyråa pålagde å gi opplysingar om pris når du tek kontakt eller ved konsultasjon med pårørande. Denne informasjonen skal òg vera tilgjengeleg på nettsidene til byråa.
Byrået skal oppgje minimum- og maksimumprisar for nærare spesifiserte tenester som er naudsynte for at gravferda blir gjennomført på ein tilfredsstillande måte.
Viss du er misnøgd med leveransen frå gravferdsbyrået, bør du du klage til byrået så snart som mogleg. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev.
Viss de ikkje blir samde, kan du ta saka til Forbrukertilsynet.