Kroppspleie


Det er alltid lurt å sjekke andres erfaringar og sjå
gjennom vilkåra før ein vel behandling.

Sjekk prisen før du vel

Check
Nei

Det er store prisskilnader i denne marknaden, og skal du gjere noko avansert, kan det vera mykje å spare på å sjekke prisane. Du bør finne dei enkelt på nettsida til salongen. Pass uansett på at dei har erfaring med behandlinga du ønskjer.

Sjekk andres erfaringar

Check
Nei

Det lønner seg òg å sjekke andres erfaringar ved å gjera eit nettsøk, og spørje venner om dei vil tilrå nokon. Du kan undersøke om alt lèt til å vera i orden med drifta i Brønnøysundregistera. For å sikre deg mot at du betaler for svart arbeid, kan du følgje råd på handlehvitt.no.

 

Sjekk vilkåra før du bestiller

Check
Nei

Før du bestiller time, bør du sjå kva for vilkår som gjeld. Kor seint kan du avbestille? Må du då betale eit gebyr? Få totalprisen, og pass på at alt er inkludert. «Ein time» kan somme stader bety 30 minutt, så sjekk varigheita.

Ver tydeleg på kva du ønskjer

Check
Nei

Forsikre deg om kva slags verknad behandlinga skal ha, og korleis den kan variere frå person til person. Har du sett ein annonse som lover kvisefri hud etter éi behandling, kan det vere greitt å forhøyre seg om dette eigentleg er ei realistisk forventning.

Slik klagar du

Svar
Nei

1. Klag til salongen

Viss du ser undervegs at det ikkje vart som du hadde tenkt deg – sei ifrå. Salongen vil òg at du skal bli nøgd, og det er no det er enklast å fikse på det. Gi uansett beskjed så snart du veit at du er misnøgd. Då kan du reklamere, og eventuelt be om prisavslag.

Dersom du opplever ein allergisk reaksjon seinare, bør du ta kontakt med ein gong. Det kan vera naudsynt at ein med fagkunnskap ser på reaksjonen. Kjenner du til nokre allergiar dei bør ta omsyn til, er det viktig at du seier ifrå på førehand. Gjer du ikkje det, kan du ikkje klage om du skulle få ein reaksjon.

Viss de ikkje blir samde, bør du sende Forbrukarrådets klagebrev til salongen og be om svar innan 14 dagar.

Klagebrev til salongen

 

2. Ta saka til mekling

Viss du ikkje blir samd med salongen, kan du ta saka til Forbrukarrådet.

Ta saka til mekling hos Forbrukarrådet