Leige av klede

Nokre klede kan det vere greitt å leige framfor å eige, men sjekk kleda både når du hentar og leverer.

Sjekk røynsler frå andre før du leiger

Det løner seg å sjekke røynsler frå andre med ulike butikkar ved å søkje på nettet og spørje venar om dei vil tilrå nokon. Når du har funne ein aktuell stad, bør du gå dit og prøve kleda, slik at du veit at dei passar.

Undersøk vilkåra før du leiger

Du bør lese vilkåra, og særleg sjå etter kva som skjer dersom kleda blir øydelagde eller stolne. Til vanleg syter butikken for reins, men sjekk at det er tilfellet. Avtal pris, og syt for at alt er inkludert i den. Avklar om du må betale eit depositum. Pass òg på at tider for henting og levering passar for deg. 

Sjekk antrekket når du hentar

Sjå på klednaden saman med utleigaren. Dersom de oppdagar at kleda er skadde eller skitne, må du få det skrive ned, slik at du ikkje må betale for det. Få med deg ei kvittering på kva du har betalt.

Leiger du av ein nettbutikk, bør du undersøkje kleda straks du har motteke pakken. Dersom noko er i vegen, bør du ta bilete av det og sende butikken utan opphald. 

Sjå over kleda saman med utleigar når du leverer

Sjå over kleda saman med utleigaren, og få ei skriftleg stadfesting på at alt er i orden. Dersom du skal sende kleda i posten, er du ansvarleg fram til utleigaren har motteke dei. Ta bilete av kleda for å dokumentere at alt var i orden etter bruk. Pakk dei forsvarleg, og tak vare på kvitteringa for at du har sendt dei.

Slik klagar du på leige av klede

1. Klag til utleigar

Dersom kleda ikkje var som avtalt, bør du klage med ein gong. Dersom det ikkje løyser seg, eller de blir usamde om betalinga, bør du bruke Forbrukarrådets klagebrev.

2. Tak saka til Forbrukertilsynet

Finn de inga løysing, kan du take saka til Forbrukarrådet.