Dersom årsaka til feilen er ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, skal seljaren ordne opp. Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering, i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon.
Dersom du kjende til feilen, eller den skuldast noko du har gjort eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan bruke.
Du har grunnlag for å klage dersom møbelet falmar eller endrar utsjånad kort tid etter at det er kjøpt. Dersom stoffet endrar utsjånad etter å ha stått i sollys over tid, eller på grunn av normal slitasje, er det vanskelegare å nå fram med ei klage.
Dersom sofaen ved levering viser seg å ha ein annan farge eller mønster enn det som blei avtalt, kan du krevje å få levert ein ny sofa.
Ei viss fordjuping i polstringa i ein stol eller sofa er naturleg, men dersom dette skjer raskt, og at fordjupinga blir så stor at ho øydelegg utsjånaden eller sitjekomforten, har du grunn til å klage.
Nokre ting er vanskeleg å unnvere. Du har krav på å få låne ei erstatning av butikken, dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken målt opp mot kva nytte du har av tingen. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke. Ei anna løysing kan vere at du beheld det mangelfulle møbelet inntil du får eit nytt utan feil eller manglar.
Rettane dine ved forseinking avheng av kva som blei avtalt då du inngjekk avtalen.
Dersom ikkje møbelet blir levert på avtalt tid, kan du gje seljaren ein ny, rimeleg frist. Dersom seljar heller ikkje greier å levere innan den nye fristen, kan du heve kjøpet.
Dersom det ikkje blei avtalt tid for levering, har leverandøren ein frist på 30 dagar frå kjøpet blei inngått. Dersom møbelet ikkje blir levert, kan du setje ein ny, rimeleg frist. Blir ikkje denne overhalden, kan du avbestille møbelet. Dersom du har avtalt ein leveringsdato for at sofaen skulle brukast til eit bestemt høve, kan du heve avtalen dersom han ikkje blir levert som avtalt.
Du har berre angrerett når du handlar utanfor fast utsalsstad, slik som på internett og ved dørsal. Når du handlar i ordinære butikkar, er du prisgitt butikken sine eigne bytereglar. OBS! Samtidig lèt mange butikkar deg få byte eller returnere vara innan ei viss tid dersom du ikkje er nøgd. Dette er ingen lovbestemt rett, men god service frå butikken.
Når du ikkje har angrerett, har du likevel rett til å avbestille møbelkjøpet før møbla er leverte. Du kjem likevel i erstatningsansvar overfor butikken, og dette erstatningsansvaret kan ofte bli stort. Avbestilling er derfor ei dårleg løysing, og ein bør unngå å setje seg i ein situasjon der dette blir naudsynt.
Dersom det er avtalt eit avbestillingsgebyr, vil dette vere storleiken på erstatninga som skal betalast ved avbestilling.
Dersom du er misnøgd med kjøpet og ønskjer å klage, må du fyrst klage til seljar. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev.
Dersom seljaren avviser klaga di og du er ueinig i avvisinga, eller du ikkje får svar innan svarfristen du har sett, kan du ta saka inn for Forbrukertilsynet.