Privatskule

Tips om kva du bør tenkje på før du vel studium, og korleis du går fram for å klage viss du er misnøgd.

Sjekk at du vel riktig studium

Når du vel studium, er det ei rekke forhold du bør ha avklart. Har tittelen du får noko å seie? Får du studiepoeng for utdanninga? Og kan du byggje vidare på utdanninga andre stader?

Det kan vera lurt å sjekka

  • kor mykje undervising du får
  • kva for ein type undervising som blir tilboden
  • kor mange undervisingstimar det er lagt opp til
  • korleis det er med oppfølging og rådgiving
  • korleis moglegheita er for lærlingplassar

Sjekk om skulen er akkreditert

Mange privatåtte undervisingstilbod er akkrediterte, det vil seie godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Akkrediteringa viser at eit nøytralt organ har kontrollert mellom anna undervisingsplanar og vedtekter. Dette kan gi deg ein god indikasjon på kva for tilbod du får som elev.

Sjekk kor stabil skulen er

Skulen sin stabilitet heng òg ofte saman med kor lenge han har eksistert, korleis økonomien er, og om skulen får offentleg støtte. Ein sjekk i Brønnøysundregistera kan ofte gi ein god peikepinn.

Sjekk avbestillingsreglane til skulen

Viss utdanningsløpet ikkje lèt seg gjennomføre som planlagt, er det viktig å ha ein avtale ein kan tre ut av, og som gir deg skulepengane tilbake.

Kva for avbestillingsreglar som gjeld, skal kome klart fram før avtalen blir inngått. Det skal òg framgå kor mykje skuletilbodet kostar, kva for ekstrautgifter du kan rekne med, og om det er gebyr ved å takke ja for så å ombestemme seg.

Forbrukartilsynet tilrår i sin rettleiar for privatskulars kontraktsvilkår at avbestilling før skulestart utløyser eit administrasjonsgebyr frå 1000 til 3000 kroner, medan oppseiing etter skulestart maks. skal medføre betaling av skulepengar inneverande semester. Viss du blir ramma av sjukdom, ulukke eller liknande, tilrår Forbrukartilsynet at ein skal kunne løysast frå kontrakten og berre betale for motteken undervising.

Slik klagar du på dårleg undervising

1. Klag til skulen

Viss du er misnøgd med skuletilbodet, bør du ta dette opp med læraren eller skuleadministrasjonen så snart som mogleg.

Før ein logg over det du er misnøgd med – til dømes mangel på undervising og mangel på eller ikkje tilgang til læremateriell, praksisplassar eller rettleiing. Registrer òg når og med kven du tok opp problemet.

Dersom du framleis er misnøgd etter å ha tatt opp saka med skulen, bør du klage skriftleg. Nytt gjerne eit av Forbrukarrådets ferdige klagebrev.

2. Ta saka til Forbrukertilsynet

Viss du ikkje når fram med klaga til skulen, kan du ta saka til Forbrukertilsynet.