Restaurant og servering

Misnøgd med serveringa? Ta det opp med restauranten. Matforgifta? Då bør du varsle Mattilsynet.

Sjekk kvalitet og reinsemd

Ta gjerne ein sjekk på nettet for å undersøke andre sine tilbakemeldingar på restauranten. Mattilsynet har også ei «smilefjes-ordning», kor serveringsbedrifter får ein «karakter» i form av eit smilefjes.

Eit blidt fjes betyr ingen merknader, og avtakande smil tyder på stadig meir vesentlege avvik. Hensikten er at du som kunde skal få full oversikt over korleis Mattilsynet vurderer viktige forhold som hygiene, reingjering og vedlikehald ved serveringsstaden.

Det er ofte vanskeleg å vinne fram når maten er eten

Viss besøket på restauranten ikkje svarar til forventingane, er det best straks å gi tilbakemeldingar til restauranten. Det er ofte vanskeleg å vinne fram med ei klage etter at restaurantbesøket er avslutta.

Forbrukarkjøpslova gjeld ved bestilling av mat på restaurant, men er ofte vanskeleg å handheve. Det hjelper lite å krevje ny mat etter at biffen er fortært, og det skal også mykje til for å vinne fram med eit krav om pengane igjen viss restaurantopplevinga blei mindre triveleg enn forventa.

Gi beskjed til Mattilsynet hvis du blir matforgifta

Blir du matforgifta av maten du har kjøpt, bør du både klage til restauranten og varsle Mattilsynet. Det er ikkje noka form for tort- og svieordning i Noreg, men det kan vere mogleg å nå fram med erstatningskrav på andre grunnlag. Føresetnaden er at du kan sannsynleggjere at det er maten frå restauranten som har gjort deg sjuk, og at du kan dokumentere eit økonomisk tap.

Det økonomiske tapet kan vere knytt til til dømes eigendel ved legebesøk, utlegg til medisinar og liknande. Ubehaget er likevel av ikkje-økonomisk karakter, og gir deg ikkje grunnlag for erstatning.

Slik klagar du på restauranten

1. Klag til restauranten

Viss du er misnøgd med serveringa, må du fyrst klage til restauranten.

2. Ta saka til mekling

Dersom de ikkje kjem til semje, kan du ta saka inn til Forbrukertilsynet. Forbrukertilsynet kan hjelpe til å mekle fram ei løysing, men det kan vere vanskeleg å finne rettsleg relevante sanksjonar i ettertid.