Tatovering


Tips om kva du bør tenkje på før du legg deg på benken, og
korleis du kan klage viss resultatet ikkje vart som forventa.

Sjekk at du har riktig tatovør

Check
Nei

Når du har funne motivet du vil ha, bør du forhøyre deg med fleire studio om dei har erfaring med den stilen. Få gjerne tilrådingar frå kjende, og gjer nettsøk på aktuelle studio. Det blir ikkje kravt nokon eksamen for å tatovere, så det er ekstra viktig å undersøkje kompetansen.

Sjekk at hygienen er som den skal

Check
Nei

Kommunelegen skal godkjenne lokale som blir brukt til tatovering, så du bør aldri velje ein tatovør som gjer jobben andre stader. Gå innom for å sjå til at alt ser reint og pent ut. Faren er stor for smitte dersom tatovøren ikkje er nøye med hygienen. Nåler og utstyr skal vere sterile og ikkje bli brukt om att. Høyr om tatovøren er medlem av Norsk Tattoo Union. Medlemmane deira må følgje eit minimumskrav når det kjem til hygiene.

Spør om blekken som blir brukt. Det finst nemleg useriøse aktørar som nyttar seg av blekk med kreftframkallande innhald. Har du allergiar, bør du fortelje det når du bestiller time.

Sjekk vilkår for avbestilling og totalprisen

Check
Nei

Les vilkåra for avbestilling dersom timen ikkje passar, eller du skulle ombestemme deg. Pass òg på at du har fått vite totalprisen.

Slik klagar du på tatovøren

Svar
Nei

1. Klag til tatovøren

Sjekk at storleiken og plasseringa av motivet er riktig når det blir teikna opp. Då er det enno tid til å rette det opp. Viss du ser undervegs at det ikkje blir som du har tenkt deg, må du seie ifrå med ein gong. Bruk gjerne Forbrukarrådets klagebrev.

Ikkje la ein annan tatovør prøve seg, då kan du miste reklamasjonsretten din. Viss du ikkje blir fornøgd med resultatet sjølv etter retting, kan du be om eit prisavslag.

Klagebrev til tatovøren

 

2.Klag til Forbrukarrådet

Blir du ikkje samd med tatovøren, kan du klage saka inn for Forbrukarrådet.

Klag til Forbrukarrådet