Veterinær


Tips og råd om kva du bør tenkje på før du vel veterinær,
og korleis du klagar viss det ikkje går som planlagt.

Vel riktig veterinær

Check
Nei

Du bør fyrst danne deg eit så klart bilete som mogleg, av kva du treng hjelp til. Har du forsikring, kan du sjekke om ho dekkjer dette. Finn deretter fram til minst tre veterinærar som har autorisasjon og kompetanse til å ta imot dyret ditt. Sjekk rykta til veterinærane på nettet og blant vener. Undersøk prisane – prisar for standardbehandlingar bør vere tilgjengelege på nettet. Sjekk òg avbestillingsgebyr og andre vilkår.

Gi relevant informasjon til dyrlegen

Check
Nei

Gi all relevant informasjon om kjæledyret; helsetilstand, allergiar, særmerke og spesielle behov. Vêr tydeleg på kva du ønskjer at veterinæren skal gjere. Blir det aktuelt med ytterlegare tiltak, bør du passe på å få vite prisen på alternativa.

Slik klagar du på veterinæren

Svar
Nei

1. Klag til veterinæren

Dersom du er misnøgd med veterinæren, bør du seie ifrå med éin gong. Viss de ikkje blir samde der og då, kan du sende Forbrukarrådets klagebrev til klinikken. Dokument gjerne med bilete eller fråsegn frå fagperson, og be om svar innan 14 dagar.

Klagebrev til veterinæren

 

2. Ta saka til Forbrukarrådet

Viss du ikkje kjem til semje med veterinæren, kan du ta saka til mekling hos Forbrukarrådet.

Ta saka til mekling hos Forbrukarrådet